Leik og moro i julestria

I veke 51 har det vore barnehagebesøk i sal ved Høgskulen i Volda i to heile dagar. Barn og tilsette frå fleire barnehagar i Volda har tatt seg tid til leik, moro og fysisk aktivitet i julestria.

 7f8cd77f97e4e604430ae433b95f772d

Studentane i faget NHR (Natur Helse og Rørsle) i barnehagelærarutdanninga har laga spennande hinderløyper for barn frå 1-5 år. Det er kjekt for barna å kome til eit tilrettelagt opplegg og bra for studentane å få øve seg på å tilpasse aktivitetane til dei ulike aldersgruppene i barnehagen.

Kunnskapsområdet NHR er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i barnehagelærarutdanning, og inneheld fleire fagområde som økologi, naturkunnskap og førebyggjande helsearbeid i barnehagen. Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å ivareta barns helse og behov for rørsle.

Høgskulelærar Liv Ingunn Sætre er ansvarleg for dette undervisningsopplegget. Under barnehagebesøket får studentane øve seg på å observere barns motoriske utvikling og i etterkant reflektere over kva som fungerte bra og evt. kva som bør rettast på til neste gang.

 89a0b125ecfbaff28ffd4761c2e26051
Høgskulelærar Liv Ingunn Sætre saman med barn frå Trollsletta barnehage. (I bakgrunnen: student som observerer).

Takk for besøket!

Pressefoto 1
Pressefoto 2 

Del på: