Med fokus på barnehagelæraren

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

d90a9aaf351568f87bc964910cc53ed2
Medlemmar av GLØD nettverket i Møre og Romsdal.

GLØD- nettverket i Møre og Romsdal har, saman med kommunikasjonsansvarleg i Utdanningsforbundet, Rikke Bjurstrøm, vore samla i to dagar for å lære meir om omdømmebygging av barnehagelæraren.  

”Alle har eit omdømme. Spørsmålet er korleis vi påverkar det. Let vi andre aktørar skape det, eller gjer vi det sjølv?” spør Rikke Bjurstrøm.

Bjurstrøm kom med gode innspel på korleis ein som barnehagelærar kan vere med på å skape sitt eige omdømme. Ho understreka viktigheita av å vere deltakande i å ”snakke opp” yrket sitt . Dette kan skape synergieffektar som aukar rekruttering til yrket, og gi ei betre innsikt i den faglege kompetansen i barnehagen.

I GLØD nettverket er alle entusiastar for barnehagelærarprofesjonen, dei er klar på at det er i barnehagen framtida blir skapt! Barna treng difor kvalifiserte barnehagelærarar som kan sikre kvaliteten i barnehagen. Dei  veit at dyktige barnehagelærarar utgjer ein stor forskjell for borna i barnehagen.

Medlemmane i GLØD-nettverket lærte at barnehagelærarane sjølve er førstelinje for si eiga omdømmebygging. Dei må i større grad ta del i å skape sitt eige omdømme og bidra til at profesjonen blir ”snakka opp”.

«Vi treng barnehagelærarar som i si leiarrolle er tydlege på kva barnehagelæraren har av kunnskap som dei andre vaksne i barnehagen ikkje har. Barnehagelæraren skal bruke kunnskapen sin i pedagogikk til å legge til rette for eit barnehagetilbod av god kvalitet. Dei skal blant anna planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktivitetar i barnehagen. Barnehagelærarane er avgjerande for å skape ein god barnehage. Dette må vi auke bevisstheita om hos ”folk flest”, seier medlem i GLØD-nettverket og studieleiar ved barnehagelærarutdanninga Elisabeth Welle.

”God omdømmebygging handlar om at ein fortel verda om kva ein gjer, kva ein er gode på”, seier Bjurstrøm. Barnehagelærarane må i større grad ta ordet sjølve, og vere med på å skape eit godt omdømme for barnehagelærarprofesjonen. Våge å seie at ”vi har kompetansen, vi kan!” 

”Barnehagelæraren er ein fagleg autoritet i barnehagen. Dei må også vere det utad i media og i samfunnet ellers ved å delta i debattar om barnehagen og tydeleggjere barnehagelæraren si sentrale rolle i barna si utvikling. Dei må sette ord på kor viktig og meiningsfullt barnehagelæraryrket er,” legg Welle til.

Ved å skape eit godt omdømme for barnehagelæraren, bidreg ein til å rekruttere og behalde dei som skal sikre barna kvalitet i kvardagen.

Tekst: Hanne Elin Harnes

Del på