Mentorstudium med ny oppstart
32 studentar med erfaring frå barnehage og skule har gjennomført eksamen i Mentorutdanning I, eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane. -Studentane har gitt gode tilbakemeldingar og vi startar opp nytt studium 17.januar 2011, seier studieprogramansvarleg Bente Vatne.
Studiet har som formål å styrkje rettleiarkompetansen i barnehagar, i grunnskular og i vidaregåande opplæring og er retta mot ulike rettleiingsoppgåver i institusjonane. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på å utvikle både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Studiet skal utvikle kompetanse i å rettleie nyutdanna lærarar i barnehage, i grunnskule og i vidaregåande opplæring.
Søknadsfrist er 15. oktober. Forlega søknadsfrist til 1. november
Les meir på www.hivolda.no/mentorutdanning