MID-praksis med premierevisning i morgon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som avsluttande praksis har studentane ved Media, ikt og design (MID) kvar si gruppe elevar frå Bratteberg skule i deira temadagar om film. Med spøk og spenning har elevane skrive manus, laga dreiebok og spelt inn sine eigne filmar.

I morgon er det visning av filmane for alle som vil sjå. Møt opp i Store Aud., Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda kl. 08.30.

film_bratteberg_520_stud_ut

- Vi hjelper dei i prosjektet, og no er vi i full gong med mellom anna klipping, fortel Torill Elise Kolbeinsen (22). Ho er ein av MID-studentane ved Høgskulen som har lærarpraksis.

- Vi har hatt to veker saman med elevane, og det har vore ei spennande utfordring, seier ho.

Medstudent Jarl Vinjevoll (24) er samd, og seier at eit viktig mål er å gjere elevane kritiske til det dei ser på fjernsyn og film kvar dag.

film_bratteberg_520

Filmpremiere i morgon
- Vi starta med å skrive kvar vår historie, fortel Martin Aleksander Bratteberg (12).
- Deretter kom vi i grupper, og hadde avstemming om den beste filmen. Denne laga vi manus og dreiebok til, før vi gjekk i gong med filminga.
- Då fekk vi masse hjelp frå lærarstudentane.

- Eg gled meg til i morgon – då skal vi ha visning av alle filmane, og då skal publikum stemme over den som er best. - Eg håpar vi vinn, smiler han.

Avgjerande med studentinvolvering
- Det har vore avgjerande for oss å ha dette flott prosjektet saman med Høgskulen, kommenterer 6. klassingane sin faste lærar, Siri Marie Eiksund ved Bratteberg skule.
- Utan alt dette flotte utstyret og den kompetansen som studentane ved Høgskulen sit på hadde vi aldri fått gjennomført dette.

bullet_2 Les meir om Media, ikt og design-studiet i Volda
bullet_2 Les om dei andre studietilboda ved Høgskulen i Volda

Del på