Nettsatsing for journaliststudentane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter ein dag i redaksjonslokala, tykkjer Fjelldal at studentane verkar engasjerte.
 - Dei er ferske, men likevel godt i gang med sakene sine. Eg har stor tru på dei som framtidas journalistar, skryt han.

Dei som vil vite kva som skjer på Søre Sunnmøre bør dermed følgje med på Nærnett dei to komande månadane. Der vil studentane  frå tidleg morgon av leggje ut artiklar, fjernsyns- og radioreportasjar. Frå måndag 3. mars utvidar studentane tilbodet. Fram til 18. april vil dei, i tillegg til å oppdatere Nærnett, gje ut Næravisa og ha sendingar frå Radio Volda og Nærsynet.

Ei av dei største nyheitsdekningane vert opninga av Eiksundsambandet. Laurdag 23. februar stiller journalistspirene med stort team for å dekkja grundig med lyd, tekst og bilete.

praksis_stort_1

Journaliststudentane Silje Øverås Thalberg (t.v.) og Ida Glorvigen Hanstad (t.h.) er to
av dei som skal jobbe med lokale nyhende fram mot slutten av april.



 

Del på