– Noko myndigheitene bør merke seg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

67610d759b750814704840feaad6d908

Barnehagekonferansen 2016, som er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal, samla om lag 500 barnehagetilsette i to dagar. I sitt fjortande år beviste konferansen nok ein gang at den er eit viktig fagleg møtepunkt for barnehagesektoren i fylket.

Årets konferanse hadde fått namnet «Møt meg». Bak det låg det at det norske samfunnet er meir samansett og komplekst enn før, og endringar utfordrar barnehagen sin praksis. Barna kjem til barnehagen med ulike behov og ressursar. Sosiale, etniske, kulturelle, religiøse, språklege og økonomiske skilnader i befolkninga gjer at barna møter barnehagen med ulike erfaringar. Mangfaldet i barnehagen skal reflekterast i det pedagogiske tilbodet i barnehagen.

Høg kvalitet

Pål Roland, dr. philos i utdanningsvitskap og dosent ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforsking, Universitetet i Stavanger, reiser landet rundt og held foredrag. Han var imponert over det ein hadde fått til i Ålesund.

– Eg har vore på mange konferansar rundt om, og ser at denne held høg kvalitet, seier Roland. 

Han var den som fekk mest tid på scena under konferansen og engasjerte publikum med sitt bodskap. Roland delte opp barn og unge i fem kategoriar, der han spesielt tok for seg dei to yttergruppene som kvar utgjer om lag fem prosent. Den eine gruppa tilpassar seg andre barn for mykje, «mister seg sjølv», blir mobba, men bråker ikkje og får mykje mindre hjelp enn dei andre barna. Den andre gruppa består av barn som har mykje aggresjon og sinne i seg, ofte på grunn av omsorgssvikt eller andre sosiale forhold.   

Roland oppmoda dei barnehagetilsette om å bli «fancluben» til dei to yttergruppene og vere tålmodige med dei.

– Dei to gruppene bør få høgare kvalitet på relasjonen med dei tilsette i barnehagen. Utan det vil den første gruppa bli stengt meir ute og hos den andre gruppa vil aggresjonen stige, sa Roland.

f7d5b4c094fc6ff97781cee6b87e77be
Pål Roland hadde ingen problem med å få merksemda til deltakarane under Barnehagekonferansen 2016.

Førebygging som verkar

Han har sjølv arbeidd mykje med barn og ungdom med aggresjonsproblem dei siste 20 åra, og kjenner godt til utfordringane.

– Eg har vore borti ein god del ungdom på 15-16 år som er aggressive. Når dei har blitt så gamle, er det vanskeleg å få dei til å avreagere. Forsking viser at dei kan leve med denne aggresjonen heile livet. Difor må innsatsen settast inn hos dykk i barnehagen saman med foreldra, fortel Roland, før han støttar seg på kanadiaren Richard Tremblay:

– Han er ein av verdas fremste forskarar på tidlig innsats mot barn. Forskinga hans seier at jo tidlegare ein set inn innsats mot barna, desto større påverknad vil det få for resten av livet. Ein får så mykje, mykje meir igjen for den innsatsen som blir sett inn i barnehagealder enn til dømes i ungdomsskulen. På den måten kan ein førebygge at menneske dreg med seg problem frå tidleg alder gjennom livet.

Heller ikkje i Norge er ein gode nok på dette, meiner Roland. Difor er han glad for at Barnehagekonferansen sette fokus på det.

– Ein begynner å bli ganske god på dette i Norge, men det er framleis ein veg å gå. Difor er det flott at ein arrangerer konferansar som dette, der det er høgt fokus på dette med tidlig innsats for sårbare barn. Det er noko som myndigheitene bør merke seg. Samfunnsøkonomisk er det bevist at det vil svare seg å bruke meir midlar i tidleg alder, påstår Roland.

Auke kompetansen

Maren Ørjasæter Aaland, seniorrådgivar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, satt i arbeidsgruppa for konferansen. Ho tek imot rosen frå Roland med eit smil.

eb257c8c0082fcece3a509abbcdf94c2
Maren Ørjasæter Aaland opna konferansen i Ålesund.

– Det er ikkje tilfeldig kva tema vi vel og kven som held foredrag. Dette er ei utfordring i barnehagar over heile landet. Gjennom denne konferansen vil vi auke kompetansen til pedagogane med mål om at alle barn i barnehagen skal bli møtt for den dei er. Barnehagen skal fremje deira utvikling individuelt og kollektivt, uansett føresetnad og bakgrunn, seier Ørjasæter Aaland.

Her kan du lese kva avisa Sunnmøringen skreiv om Barnehagekonferansen 2016.

Høyr også NRK Møre og Romsdal sitt radioinnslag (programpost 22 i sendinga) om Barnehagekonferansen frå fredag 28. okotber.

Del på