Ny lærarutdanning – nye krav!

Tekst: Webmaster Volda

Førsteårsstudentane på den nye grunnskulelærarutdanninga har i desse dagar sitt første møte med praksisfeltet. Dei skal følgje ein praksislærar gjennom tre arbeidsdagar og registrere kva for type aktivitetar læraren er engasjert i.  Læraren vert observert i timen, i friminutta og i fritimar, og studentane har høve til å snakke med praksislærar og andre lærarar undervegs.   

– Målet med den nye modellen er å gi studentane ei meir systematisk tilnærming til læraryrket. Gjennom det faglege opplegget vil vi at studentane no i starten skal få innsikt i heilskapen, og reflektere rundt kompleksiteten i lærarrolla.  Det vidare opplegget er at studentane skal starte arbeidet med å trene seg i sentrale delar av det å vere lærar, og gjennom åra i utdanninga utvikle seg til trygge og sikre yrkesutøvarar, seier Sæterås

4f55f028305aee00c0613748287e66c5dd8341db

Kristian og Martin nyttar observasjonsskjema når dei følgjer lærar Lasse i undervisninga.

Nye krav
Studentane skal skrive ei oppgåve knytte til observasjonspraksisen.  Hovudsaka er å svare på kva læraren gjer gjennom ein arbeidsdag,  ved å reflektere rundt utfordringar studentane ser for seg sjølve,  og mønsteret dei har oppdaga. – Dette praksisopplegget er eit resultatet av ei ny utdanning med nye krav. Praksisen skal førebu studentane til å møte lærarrolla på ein god måte, seier professor Peder Haug som er ansvarleg for det faglege opplegget.

Ingen A4-jobb
Martin Sandbakk og Kristian Flaate er to av studentane som er i praksis denne veka. Dei er inne i klasse 7a der Lasse Humberset er lærar, eit yrke han har hatt i 25 år.

– Det er ein erfaren lærar vi får følgje desse dagane, seier Kristian. – Det skin gjennom at han har gjort dette før. Vi er heldige som får observere ein lærar med mykje erfaring og som er trygg i rolla. Vi har blitt kjende med elevane og fått sett at lærarkvardagen ikkje er A4. Observasjonsskjemaet vi har brukt har hjelpt oss i til å tenke over ting vi elles ikkje hadde tenkt på. Men samtidig har det også oppstått situasjonar der vi har måtta improvisere. Til dømes var vi i går med på fjelltur, og då fekk vi sjå at metodane vi elles har nytta, ikkje fungerte så bra. Vi måtte tilpasse oss utifrå det som oppstod – men dette har vi også sett er noko ein lærar ofte må gjere.

Studentane har etter den første praksisen fått eit innblikk i kva lærarrolla inneber, sett frå både eit lærar- og elev-perspektiv.  I november skal dei ut i ny praksis der møtet med eleven står i fokus. 


Les meir om lærarutdanninga på www.nrk.no/mr sine nettsider. 

Del på