Nytt studium: Faglærar i formgiving, kunst og handverk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Ein perfekt kombinasjon av teori og praktisk skapande arbeid

I det nye treårige studiet er praktisk verkstadarbeid kopla til fagteori, pedagogikk og undervisning i skulen sentralt.  Dei utøvande arbeidsområda er visuell kommunikasjon, arkitektur, kunst og funksjonell design. Stort behov for faglærarar – Noreg har for få lærarar med utdanning i faget Kunst og handverk. I dei komande åra vil innføring av nye valfag samt den såkalla kulturskuletimen, medføre auka behov for nettopp faglæraren i Kunst og handverk. Den digitale kvardagen stiller i dag også krav til læraren sin visuelle kompetanse, understrekar førsteamanuensis Brænne.

Førsteamanuensis Karen Brænne.

Kompetanse

Etter avslutta utdanning er ein kvalifisert som faglærar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Utdanninga dannar også grunnlag for arbeid i kulturskulen. Dersom ein ønskjer større fagleg breidde kan ein supplere utdanninga med andre skulefag eller byggje på med ein mastergrad, seier Brænne.

Kvifor Høgskulen i Volda?

Fagmiljøet i Formgiving, kunst og handverk ved Avdeling for kulturfag har brei fagkompetanse og lang erfaring som lærarutdannarar. Verkstadane ved Høgskulen i Volda er godt utrusta. På arbeidsstasjonane finn ny programvare innan Photoshop og InDesign.

– Som student i Volda får du møte alle sider av faget og samstundes fordjupe deg i ditt særlege interessefelt, avsluttar ho.

Del på