Nytt studium: Vidareutdanning i vurdering
Kunnskapsdepartementet meiner at det er behov for ei omfattande utvikling av vurderingskompetansen i norsk skule. Høgskulen i Volda (HVO) har lenge vore på banen med tilbod om etterutdanning innanfor feltet. Etter oppmodingar frå departementet tilbyr HVO no ”Vidareutdanning i vurdering”, eit nytt studieprogram på 15 studiepoeng.
– Det skjer veldig mykje godt vurderingsarbeid i skulen, men det viser seg også at vurderinga som vert gjort kan vere hemmande for læring. Her ligg eit forbetringspotensiale. I studiet legg vi vekt på at vurdering skal vere eit element for å fremje læring og motivasjon, seier stipendiat i pedagogikk Siv Måseidvåg Gamlem.
Siv Måseidvåg Gamlem.
Måseidvåg Gamlem fortel vidare at den nye vidareutdanninga på 15 studiepoeng vil vere aktuell for lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Tilsette i PPT-tenesta vil også kunne ha nytte av denne kompetansen.
– Studieprogrammet er praksisnært og tett relatert til studentane sin skulekvardag, seier ho.
Gjennomføring
Det vert lagt opp til samlingar i Volda, ei todagarssamling og 5 dagssamlingar. Mellom samlingane vert det arbeid med oppgåver og rettleiing og diskusjon.
– Vi legg opp til nær kontakt mellom lærarane ved HVO og studentane, også mellom samlingane, seier .
Studiet er delvis finansiert med studieavgift på 5000 kroner, i tillegg til semesteravgift.
Lenke til ”Kompetanse for kvalitet”