OBJET TROUVÉ

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9aacd3017ae33d253e4031783980a09f9670255b

Objet trouvè skulpturar laga av årsstudentar ved Kunst og handverk. Oppe frå venstre: Pingvin av Anette Kårstad, Slange laga av belte av Reidar Rauland Johansen og Edderkopp laga av lyspære av Sovei Giæver. Nede frå venstre: Tordivel av Gry Løvold, Reinsdyr laga av joikakaker og kyllingskinke boksar av Bjørnar Otto Hovland og Blomst av Ruth Stornes.

Objet trouvè er fransk for funne objekt og er eit sentralt område innanfor moderne skulptur. Studentane ved Kunst og handverk fikk i oppgåve å lage ein skulptur av maks fem allereie eksisterande objekt som skulle kunne relaterast til plante- eller dyreriket.

─ Oppgåveteksten har skapt mykje kreativitet. Alle studentane har fått same oppgåve, men skulpturane er ikkje i nærleiken av å likne på kvarandre, seier høgskulelektor Janne Heggvoll.  

Studentane har også i denne skulpturperioden jobba med gips, som er eit meir tradisjonelt materiale der ein nytta meir tradisjonelle reiskapar og teknikkar. På denne måten har dei fått nærma seg feltet skulptur på ulike måtar.

─ Sentralt for skulpturperioden er å jobbe med form, og det er to måtar ein kan angripe ei slik oppgåve som Objet trouvè på. Ein kan jobbe med idéutvikling og skisser fram mot eit produkt, eller ein kan starte med og sjå moglegheiter innanfor dei funne objekta. Det handlar om å jobbe kreativt og nytenkande innanfor gitte rammer, seier Heggvoll. 

Ei slik oppgåve er også viktig for tida vi lev i.

─ I forhold til etikk og miljø er dette ei fin tilnærming. Dei fleste har vore på VØR eller brukt butikkar og funne objekt dei har nytta til skulpturane. På den måten blir ein meir bevisst materialar sine ulike moglegheiter, og som framtidige kunst- og handverkslærarar ser ein at ein kan jobbe med ulike oppgåver sjølv om ein står ovanfor utfordringar som til dømes dårleg økonomi, seier Heggvoll.
 

FLAMINGO

Kunst og handverksstudent Nadia Kristiansenvelde å lage ein flamingo av ståltråd, garn, knappar, kleshengarar og ein sokk.15defbead3942fa0659a70bb3b77c9898929497f

─ Eg hadde lyst til å lage noko stort. Ideen om flamingoen kom frå PC-spelet The Sims der det alltid er ein flamingo i hagen. Det gjekk mykje tid til å bygge opp strukturen til skulpturen. Eg jobba både med å finne ting og forme ting sjølv. Det begynte med ein lang ståltråd. Kleshengarar blei til bein, ein sokk blei til eit nebb og to treknappar blei til auge. Eg valde rosa garn med struktur for at ein lett skulle sjå at det var ein flamingo, seier Kristiansen.

Kristiansen trur at ei slik oppgåve vil vere moro for både barne- og ungdomsskuleelevar.

─ Barn kan vere meir kreative enn vaksne studentar. Det er spennande å sjå mogelegheiter og tenke utradisjonelt. Etter å ha sett flamingoen tenkjer dei ikkje nødvendigvis på nebb når ein ser ein sokk, seier Kristiansen.

FAGLÆRAR I FORMGIVING, KUNST OG HANDVERK

Høgskulen i Volda vil til hausten tilby ny utdanning som faglærar i formgiving, kunst og handverk.

─ Dette er stort for vårt fagmiljø då det frå før berre fins tilsvarande utdanning i Oslo og Telemark, seier Heggvoll.

Talet på lærarar med utdanning i faget Kunst og handverk er i Norge svært lågt, og dei komande åra vil innføring av nye valfag samt kulturskuletimen medføre auka behov for nettopp faglæraren i Kunst og handverk. Samfunnet og den digitale kvardagen stiller også krav til læraren sin visuelle kompetanse.


Så til deg som no skal gjere eit utdanningsval, kan du tenkje deg å bruke tre år på å bli faglærar i Kunst og handverk

Del på