Ønskjer velkommen til ny deltidsutdanning for lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

14225e3e6c5452c1c9b3eec0aa57e4f2
Dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) Arne Myklebust og nytilsett studieleiar ved Grunnskulelærarutdanningane Oddvar Aalde på undervisningsrommet. 

Høgskulen i Volda tilbyr frå hausten nett- og samlingsbasert Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn på deltid. Dette vil i praksis seie at du kan bu kvar som helst medan du tek utdanninga.

VIDEOUNDERVISNING PÅ NETT

Den nye deltidsutdanninga har videoundervisning på nett via Adobe Connect to dagar i veka og samling i Volda tre gongar i semesteret.

─ Dette var ein modell vi håpa kunne rekruttere vidt sidan vi har gått ned på talet på fysiske samlingar. Det verkar som om det har slått til sidan vi ser søkjarar frå heile Nordfjord og heilt opp til Kristiansund. Vi har også søkjarar frå andre delar av landet, seier Myklebust.

FRAMLEIS LEDIGE STUDIEPLASSAR

91 har takka ja til plass ved grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda, men det er framleis plass til fleire studentar. Det er ledige studieplassar ved alle grunnskulelærarutdanningane, deltid 1.-7. trinn og heiltid 1.-7. og 5.-7 trinn. Alle desse har løpande opptak.

Del på