Oppstart av Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er ei deltidsutdanning som rekrutterer assistentar i barnehagen og tilsette i førskulelærarstilling med dispensasjon frå utdanningskravet.
I tillegg til undervisning frå høgskulen og praksisopplæring, har studentane i dette studiet arbeidsplassen som ein viktig læringsarena. Studentane har krav om minimum 40 % arbeidstilknyting i ein barnehage medan dei er studentar.
Denne veka møtte 31 motiverte og engasjerte studentar til oppstart av Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning ved Høgskulen i Volda.
Studieleiar ved barnehagelærarutdanninga, Elisabeth Welle, opna studiet og framheve mellom anna at i dag, og i åra som kjem, har Norge behov for ca. 4000 barnehagelærarar med høg fagleg og pedagogisk kompetanse. Med å gjennomføre dette studiet er ein sikra arbeid ein eller annan stad i landet. «Kommunane har behov for barnehagelærarar som møter, forstår, rettleiar og leiar barn til aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Som barnehagelærarar skal de leie pedagogiske prosessar som fremjar barn si læring og utvikling i barnehagen. Barn er det mest verdifulle samfunnet har. Grunnlaget for barna si framtid blir lagt i barnehagen saman med dykk», sa Welle.
Dekan Arne Myklebust
Dekan for Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, gratulerte studentane med val av utdanning i sin opningstale. «De har valt ei spanande utdanning retta mot eit spanande, variert og levande yrke. De skal formidle verdiar, skape rom for vekst og utvikling og vere den viktigaste faktoren for kvalitet i barnehagen», sa Myklebust.
I tillegg til at studentane skal samlast ved høgskulen i Volda på vekesamlingar, skal dei som den fyrste av profesjonsstudia ved Høgskulen i Volda ha mykje av undervisninga i sanntid på nett, ved hjelp av konferansesystemet Adobe Connect. Det vil seie at med dette studietilbodet kan ein bli barnehagelærar medan ein jobbar i barnehagen, uansett kvar ein bur. «Teknologien er ny for barnehagelærarutdanninga, men vi meiner at vi greier å tilpasse den til dei tverrfaglege kunnskapsområda i utdanninga», seier Welle. «For å sikre oss at studentane skal ta del i danningsprosessen som ligg til ei profesjonsutdanning, skal dei også samlast i Volda med jamne mellomrom. Her møtast dei fysisk og får bryne seg på kvarandre», legg Welle til.
«Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning på nett er ein ny måte å organisere barnehagelærarutdanninga på. Vi er sjølvsagt spente på korleis det skal gå. Men, vi har god tru. Studentane blir møtt av fagfolk med eit stort engasjement for utdanninga. Dette skal gå bra», seier Myklebust.
Studentane og dei tilsette ved barnehagelærarutdanninga nyttar denne fyrste veka til å bli godt kjende med kvarandre, med studiet og med Adobe Connect systemet. Studentane skal i løpet av denne veka få eit godt innblikk i kva det vil seie å vere student ved ei barnehagelærarutdanning. I tillegg skal ein del av den fyrste samling bli nytta til å gjere seg kjend med Adobe Connect. Det har også vore sett av tid til at ein skal bli godt kjende med kvarandre. Dette er viktig for å kunne kommunisere gjennom Adobe Connect seinare i studiet. Studentane verkar lærevillige, og viser stor interesse for å ta fatt på utdanninga si.
Tekst: Hanne Elin Harnes