Profesjonsfagleg digital kompetanse
I går var førsteårsstudentane ved barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga samla til felles seminar om korleis dei kan bruke den digitale kompetansen sin i læraryrket.
Prosjektleiar ved IKT-senteret Barbro Hardersen.
─ Det digitale er ein del av kvardagen vår, og lærarar må henge med for å kunne bruke det som eit pedagogisk verktøy, sa prosjektleiar ved IKT-senteret, og tidlegare HVO-student, Barbro Hardersen.
Som utdanna førskulelærar og med ein master i medievitskap meiner Hardersen at bruk av digitale verktøy ikkje har noko aldersgrense, og at ein berre må tilpasse bruken til barna sitt nivå.
─ Den profesjonsfaglege digitale kompetansen handlar om å sjå læringssituasjonar der og då, og hente fram digitale verktøy.
Rådgjevar ved IKT-senteret Elin Dybdal Simensen.
IKT SOM PEDAGOGISK VERKTØY
Studentane skulle i grupper på fire løyse tre oppgåver i løpet av dagen. Dei skulle først lage ei digital forteljing eller ei bildeforteljing med hjelp av tilgjengeleg verktøy og program. Gruppene fekk velje mellom temaa årstid, høgtid/markering og eventyr. Studentane hadde i forkant lasta ned programmet PhotoStory for PC eller iMovie for Mac. Dei skulle deretter lage eit refleksjonsnotat. Både forteljinga og notatet skulle så publiserast i eit blogginnlegg på IKT-senteret sine nettsider.
─ Hensikta med aktiviteten i dag er at de skal oppøve ferdigheiter for korleis IKT kan brukast som pedagogisk verktøy, få kunnskap om digitale verktøy si tyding i ein profesjonsfagleg kontekst og reflektere over etiske problemstillingar, sa rådgjevar ved IKT-senteret Elin Dybdal Simensen.
På slutten av dagen skulle alle gruppene vise sine digitale prosjekt.
Grunnskulelærarstudentane Stine Gjerde, Christine Skavøypoll, Henny Dragnes og Marit Teigen syntes det var veldig nyttig å få IKT-senteret på besøk.
NY BRUK AV DIGITALE VERKTØY
Ei av gruppene har løyst oppgåva med bildeforteljinga med å ta haustbilde utanfor skulen. Dei har alle erfaring med å bruke digitale verktøy, og å dele bilde i sosiale medium, men lærer likevel noko nytt i dag.
─ Det er ein ny måte å bruke verktøya på, og det er absolutt noko eg vil ta med i læraryrket, seier Marit Teigen. Du kan sjå gruppa sitt blogginnlegg her: http://rfl.iktsenteret.no/blogg/haust-i-volda
Praksiskoordinator ved Barnehagelærarutdanninga Hanne Elin Harnes var godt nøgd med studentane sin innsats.
─ Studentane viste stor innsats og kreativitet i arbeidet med dei digitale forteljingane. Gode refleksjonar kring prosessen kom fram på bloggen. Vi vonar at dette er eit pedagogisk verktøy studentane tek med seg inn i profesjonen og dei komande praksisperiodane.
SENTER FOR IKT I UTDANNINGEN
Senter for IKT i utdanningen vart oppretta i 2010 og er underlagt Kunnskapsdepartementet. Senteret skal bidra til økt kvalitet i opplæringa med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) for barn i barnehagane, elevar i grunnopplæringa og studentar i lærar- og barnehagelærarutdanninga. http://iktsenteret.no/