Rekrutterar til barnehagane

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I år er både barnehagar og barnehagebarn frå heile landet aktivt med i kampanjen.  Fem barnehagar i Norge er valt ut av Kunnskapsdepartementet til å kome med bidrag til avisa «Barnas Hverdagsliv».  Avisa gir døme på korleis barnehagelærarar arbeider med omsorg, leik, læring og danning. Gjennom tekst og bilete får vi eit innblikk i barnehagekvardagen.

c57df5d8cdef4861571e2c857c8ad31d

Medlem i GLØD-nettverket i Møre og Romsdal, Hanne Elin Harnes, uttalar at kampanjen i Møre og Romsdal er godt i gang.

– Omlag 15 barnehagar tek del. Barnehagebarna besøkjer vidaregåande skular i fylket. Dei har med seg sine eigne aviser som skal vise potensielle barnehagelærarar mangfaldet i den norske barnehagekvardagen. Det har vore fleire gode treff mellom barnehagebarna og elevane ved dei vidaregåande skulane. Vi har også fått god dekning i media. Kampanjen varer fram til søknadsfristen 15. april,seier Harnes.

Barn frå Tryggheim barnehage rekrutterer barnehagelærarar på Haram vidaregåande skule

– Barnehagelærar er verdens finaste stilling, sa barnehagelærar Liv Skår Arntsen frå Tryggheim barnehage til elevane ved Haram vidaregåande skule.

631c0fdab241a52ec9e6f230dc306f88

Etter å ha traska ein time var dei fargerike fire- og femåringane frå Tryggheim barnehage i Brattvåg endeleg framme ved målet, Haram vidaregåande skule (HVS). Kva dei skulle der? Ved å vise seg fram og sjarmere, ville dei rekruttere HVS-elevane til å utdanne seg til barnehagelærar.

– Har du lyst på ein jobb der du blir omfavna med kos og klem kvar einaste morgon av sprudlande medmenneske som er så glad for å sjå deg igjen? Ynskjer du å lære og påverke barna sin utvikling og vere ein person som er med å gi dei ein god start i livet? Kan du tenkje deg ein leiarjobb? Då er yrket barnehagelærar perfekt for deg, sa Liv Karin Skår Arntsen til elevane i kantina.

Ho la også til at barnehagelæreryrket er eit yrke som krev mykje av deg, men som gir deg endå meir tilbake.

– Det er ein jobb du blir stolt av, og der din innsats og kunnskap kvar einaste dag får enorm betydning for andre. Du får dessutan ei leiarutdanning med kompetanse Noreg har stor bruk for. Barnehagelærar er verdens finaste stilling, meinte Arntsen.

Oppslag i Sunnmørsposten (pdf)

Barnehagebarn rekrutterer ansatte (Romsdals Budstikke)

“Så flaut det er å ha kjæreste. Og så kult det er å jobbe i barnehage” (Åndalsnes Avis)

Oppslag i Sunnmøringen. Del 2

Del på