Satsing på digital kompetanse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Veggli skole er blitt kjent som ein av dei fremste skulane i landet når det gjeld satsing på digital kompetanse. Digitale verktøy er no ein av dei fem grunnleggande ferdighetene elevane skal lære seg, på lik linje med å kunne utrykke seg munnleg, uttrykke seg skriftleg, lese og rekne.

f0fad5a749dd407163f74751eb4f89f8Rektor Wenche Torvund, IKT-rettleiar Geir Kristiansen og lærar Signe Fugleåsen frå Veggli skole.

─ Det er kjempeviktig at lærarstudentar får innblikk i korleis det kan vere i skulen, og at det kanskje ikkje skal så mykje til for å legge opp til meir bruk av digitale verktøy i undervisninga, seier IKT-rettleiar ved Veggli skole Geir Kristiansen.  

ELEVANE LÆRER MEIR

Som eit resultat av satsinga på og bruk av IKT i undervisinga har skulen mellom anna opplevd eit auka fokus på læring, meir motiverte elevar og betre resultat på nasjonale prøver. Det er lettare å tilpasse opplæringa til kvar enkelt elev, både sterke og svake.

─ Studentane utrykte usikkerheit i forhold til om borna lærer like mykje når dei brukar PC. Vår erfaring er at elevane får gjort mykje meir, lærer meir, og at resultata blir fine, seier rektor ved Veggli skole Wenche Torvund.   

9e4461df13b618da660e15646b1294f2Grunnskulelærarstudentane Christina Andersen og Maria Lefdal fortel om ein inspirerande og lærerik dag.

GODT UTBYTTE FOR STUDENTANE

Grunnskulelærarstudentane synest dei har fått godt utbytte av besøket frå Veggli skole.

─ Det er eit mykje større fokus på digitale verktøy i skulen no enn det det har vore før, og det er inspirerande å høyre om korleis vi kan bruke dei sjølve, seier grunnskulelærarstudent Christina Andersen.

─ Eg synest særskilt at Fronter-systemet var bra, og det var enkelt og effektivt å gi tilbakemelding til foreldre, seier grunnskulelærarstudent Maria Lefdal.  

DEL AV EI STØRRE SATSING

Besøket frå Veggli skole er ein del av ei større satsing ved grunnskulelærarutdanningane. I førre veke var studentane ein heil dag på Velle skule for å lære om digitale tavler. Velle skule er ein av tolv praksisskular, og praksislærarar Eve Holen og Erling Sørheim hadde laga eit pedagogisk opplegg for studentane.  Studentane fekk innføring i bruk av tavlene, og dei fekk prøve ut ulike moglegheiter som tavlene gir. 

Høgskulen i Volda tilbyr også eit eige studium i Digital kompetanse for lærarar. Studiet er heilt omskrive til hausten 2014 og består av nye emne med ny fleksibel organisering, nytt er det også at studentane kan velje fritt mellom ulike modular sjølve

PRESSEFOTO

Christina_Andersen_og_Maria_Lefdal.jpg
Torvund_Kristiansen_og_Fugleasen_fra_Veggli_skole.jpg

Del på