Språk i barnehagen legg grunnlag for livslang læring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

9ae6acd6b0bf68d3fb3996f08ec77f82f6737d3fFagdag barnehage samla eit fullsett Berte Kanutte, der praksislærarar og andre frå barnehagefeltet, studentar og faglærarar var samla. Professor ved Høgskolen i Vestfold Liv Gjems var ein av foredragshaldarane.

Barn som begynner på skulen med mindre kunnskap om språk enn sine jamnaldrande møter store utfordringar og mange av dei vil ligge etter i lesing, skriving og mange skulefag. Allereie ved treårs alderen kan ein føresjå seinare leseferdigheiter.

─ Språk er ein viktig reiskap for læring på alle områder. Eg er opptatt av språk fordi det er slik vi lærer om omverda, dannar sosiale relasjonar og leikar i barnehagen. Språket er grunnlaget for eit livslangt læringsprosjekt, seier professor ved Høgskolen i Vestfold Liv Gjems.  

Språk er eit sosialt fenomen, og lærast i samhandling med andre. Barn lærer språk ved å høyre språk, når dei sjølve får bruke språk og når dei deltar aktivt i sosial samanheng med andre. Forsking viser at språkleg læring påverkast positivt jo meir barn snakkar, og er altså avhengig av talet på ytringar. I barnehagealder er det gjennom samtale at dei fleste barn har tilgang til språk, og samtale er difor ein sentral arena for språklærarar..

KVARDAGSSAMTALANE

Kvardagssamtalane får lite fokus i forsking og praksis, men Gjems anslår at dei finn stad 80-90 % av dagen i norske barnehagar. Dette er samtalar som ikkje er planlagde og som foregår til dømes medan ein et, kler på seg eller leikar.

─ Gjennom kvardagssamtalane lærer vi veldig mykje om omgivnadane våre, om verdiar og kva som blir forventa av oss i forhold til korleis vi snakkar og kva vi gjer. Den største utfordringa er kanskje dei barna som ikkje snakkar så mykje, dei som kanskje er sjenerte eller har få ord. Korleis skal ein få dei i gang med ein god samtale, spør Gjems.

SAMTALESTRUKTUREN IRE

IRE står for Initiativ, respons og evaluering og er ein klassisk interaksjonsform i klasserom og i barnehagar.

─ Det er ein samtalestruktur der dei fleste spørsmål har svar som den vaksne allereie kjenner. Det er dei vaksne som styrer samtalen, medan barna berre svarar og har ei passiv rolle. Når dette dominerer i skulen viser det seg at barna stiller lite spørsmål, seier Gjems.

I staden for å evaluere om barna svarar rett eller feil kan ein stille oppfølgingsspørsmål.

NYTT PROSJEKT

Gjems med fleire er i gang med eit nytt prosjekt der dei undersøker kva kunnskap studentane får med seg om språklæringa til barn i studiet. Analysen viser hittil at studentane er veldig fornøgde med kunnskap dei har fått med seg om språklæringa til barn, men er mindre fornøgde med kva dei har lært om korleis dei kan utføre det i praksis.

─ Dette er noko vi må ta med oss når vi no skal sjå på den nye barnehagelærarutdanninga, seier Gjems.



Del på