Studentradioen går på scena

Laurdag 16. februar inviterer Volda Studentradio til Rokken i Live for tredje år på rad. Dei ulike redaksjonane i studentradioen står
for underhaldninga denne kvelden.

live2

Leiar i studentradioen, Helle Estensen håpar det vert godt frammøte når medlemmane i studentradioen endeleg kjem ut av studio og fram på scena.

    -Det var stor suksess førre gong me arrangerte Rokken i Live. Me vonar det vert like populært i år, og eg har tru på eit endå betre show komande laurdag.

Forestillinga er gratis og startar kl. 21.00.
Les meir om Volda studentradio her

Nokre glimt frå fjorårets Rokken i Live:

live3
live4

Del på: