Studer til lærar på deltid

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

1ff43a0f45516424dc982372853189dd

Som eit svar på lærarmangel og etterlysing i regionen er det oppretta eit nytt studietilbod ved lærarutdanninga på høgskulen.

─ Vi har hatt førespurnadar frå Ålesund, Kristiansund og Molde der dei har etterlyst ei desentralisert deltidsutdanning. Tanken er at dette studietilbodet skal famne heile Møre og Romsdal og Nordfjord, og kanskje også vidare, seier studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga Odd Helge Tonheim.

 6918d3a06c4f459e7f4675059d117057
Studieleiar ved grunnskulelærarutdanninga Odd Helge Tonheim.

SAMLINGS- OG NETTBASERT UTDANNING

Undervisninga er organisert i samlingar på Høgskulen i Volda, nettundervising og praksisperiodar.

─ Vi legg opp til tre samlingar i semesteret her på høgskulen, resten av undervisinga blir på nett. Vi legg opp til fast nettbasert undervisning via Adobe Connect to dagar i veka. Her vil vi ha forelesingar, gruppearbeid og seminar. I praksisperiodane vil studentane få vere nær der dei bur, fortel Tonheim.

GOD ERFARING MED FLEKSIBLE UTDANNINGAR

Høgskulen i Volda har god kompetanse på nettbaserte utdanningstilbod, og starta i 2011 ei samlings- og nettbasert deltidsutdanning for grunnskulelærar 1-7 på Sandane. I 2012 forsøkte lærarutdanninga å starte opp ei deltidsutdanning med undervising lagt til Ålesund, men det var ikkje nok kvalifiserte søkarar til å setje i gang.

─ Vi har vidare hatt tett dialog mellom anna med Sunnmøre Regionråd, og har no skreddarsytt ei utdanning som har eit veldig breitt nedslagsfelt i Møre og Romsdal og Nordfjord.  Vi har nyttige erfaringar med fleksibel utdanning frå Sandane, og den nye arbeidsplassbaserte barnehagelærarutdanninga  som nyttar Adobe Connect i stor grad, seier Tonheim.

UTDANNING OVER FEM ÅR

Grunnskulelærarutdanning 1-7 på deltid kan takast over fem år. Etter fjerde studieår kan ein også søkje om opptak til eit toårig masterprogram i Undervisning og læring, der ein kan velje mellom spesialisering i norsk, matematikk og høve til å ta spesialpedagogikk . Denne mastergrada er også samlingsbasert. 

Det vil bli mogeleg å søke på ledige studieplassar frå 19. juli.

Del på