Tilbake på skulen – no framfor klassa

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Margareth fortalde om kvardagen i skulen og korleis det har vore å ha ansvar for lese- og skriveopplæringa til elevar i første klasse på barneskulen. Tilhøyrarane i klasserommet var studentar ved andre året i grunnskulelærarutdanninga.

Overgang frå studentlivet
Då Margareth starta å arbeide som lærar fekk ho ein eigen fadder som skulle rettleie henne. Dette var nyttig og trygt, men ho fann fort ut at ho måtte gjere ting på sin måte.
– I starten brukte eg nesten lenger tid på å planlegge timen enn å faktisk gjennomføre den. Det har endra seg, men det var ein prosess det var viktig å gå gjennom, og ein må alltid vere godt førebudd til timane, fortel ho.

87f30acf26c0ecc832a40ae829bb34c5f28d3368
TILBAKE PÅ HØGSKULEN: Tidlegare student Margareth Denton har laga små plakatar slik at elevane veit kva som står på timeplanen dei ulike dagane. (FOTO: Birgitte Bøen)

«Eg har ein beskjed»
Ho er opptatt av å dele gode erfaringar med kollegaer, og dei komande lærarane. Eit praktisk tips var blant anna korleis ein kan få merksemda til aktive 6-åringar i klasserommet.
– Når eg klappar fem gongar i hendene til rytmen «eg har ein beskjed», må elevane klappe den same rytmen tilbake. Dermed legg dei frå seg det dei har i hendene og er fullt fokusert på meg og kva eg skal fortelje.

Nyttige metodar
Ho delte fleire nyttige tips og metodar for korleis ein kan skape interesse og engasjement blant elevane, og korleis få dei til å føle seg trygge i klasserommet. Og tilbakemeldingane frå studentane var at utbyttet var stort.
– Dette var utruleg lærerikt og inspirerande, seier student Hilde Kalvatn. Ho fortel at tipsa frå Margareth var både gode og konkrete: Vi fekk eit hefte med ulike tips og notatar ho har laga, og det skal eg bruke når eg sjølv skal ut i praksis. Det var verkeleg bra. Dette var så nyttig at eg skulle ønskje vi kunne få slike besøk oftare, gjerne ein gong i halvåret, seier ein stornøgd Kalvatn.

Del på