Ut i jobb-dagen
– I dag har eg kome i kontakt med fleire potensielle arbeidsgjevarar. Eg har fått svar på ei rekkje spørsmål knytt til det å søke på jobb. Lærarstudenten Astrid Lindvik Velsvik (23) er godt nøgd med «Ut i jobb-dagen» 2012 som vart arrangert på Høgskulen i Volda måndag 23. januar.
I kantina i Berte Kanutte-huset var det i samband med «Ut i jobb-dagen» skipa til ein møteplass for HVO-studentar med lærar- eller førskulelærarutdanning og framtidige arbeidsgjevarar. Over 20 kommunar frå Nordfjord og Møre og Romsdal hadde rigga seg opp med standar for å gjere seg lekre for HVO-studentane.
Mange HVO-studentar fekk møte framtidige arbeidsgjevarar på "Ut i jobb-dagen".
Vil jobbe med menneske
Lærarstudent Cecilie Pettersen (35) ønskjer å jobbe i den vidaregåande skulen. Ho gler seg til å begynne i lærargjerninga si.
– Eg likar å jobbe med menneske. Eg ønskjer å vere ein ressurs for elevane og motivere dei for skulearbeidet, seier ho.
Astrid Lindvik Velsvik, Cecilie Pettersen.
Bra initiativ
Kommunalsjefen for oppvekst og kultur i Ulstein kommune, Leif Ringstad, synes initiativet til «Ut i jobb-dagen» er veldig bra.
– Det er viktig å møte framtidige lærarar og fortelje at vi har behov for dei, seier Leif Ringstad i Ulstein kommune.