Utfasing av allmennlærarutdanninga!

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Det siste kullet i allmennlærarutdanninga ved HVO vart uteksaminert våren 2013. Kunnskapsdepartementet har sett siste frist for å skrive ut vitnemål etter rammeplan frå 2003 (den siste allmennlærarutdanninga)  til 31. desember 2015. Etter dette har HVO ikkje lenger lov til å skrive ut vitnemål på denne utdanninga. Dette er ei rammeplanstyrt utdanning, med ein god del føringar på kva fag ein kan ta. Rammeplanen frå 2003 seier mellom anna følgjande:

«Allmennlærerutdanning er en fireårig yrkesutdanning på 240 studiepoeng. Utdanningen omfatter en obligatorisk del på 120 studiepoeng og en valgbar del på 120 studiepoeng.

Utdanningens obligatoriske del består av

  • pedagogikk 30 studiepoeng
  • kristendoms-, religions- og livssynskunnskap 20 studiepoeng
  • matematikk 30 studiepoeng
  • norsk 30 studiepoeng
  • grunnleggende lese-, skrive- og matematikkopplæring 10 studiepoeng
  • praksisopplæring som en integrert del av studieenhetene 20-22 uker

Utdanningens valgbare del består av

  • valg mellom skolerelevante fag* 120 studiepoeng

* Disse skal omfatte minst 60 studiepoeng i fag som tilsvarer fag i grunnskolen. Fagene kan være påbygging av fag i obligatorisk del eller nye fag med minst 30 studiepoengs omfang og skal omfatte fagdidaktikk og til vanlig praksisopplæring. Inntil 60 studiepoeng kan være andre skolerelevante studier av ulikt omfang. Institusjonen avgjør om studiene er relevante for arbeid i grunnskolen.» Henta frå: http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/UH/Rammeplaner/L%C3%A6rer/Rammeplan_2003_allmennlaererutd.pdf

Nokre viktige punkt å merke seg:

  • Obligatoriske fag: Merk at alle obligatoriske fag er rammeplanstyrt og for at vi skal kunne godkjenne faga i utdanninga for allmennlærar, må dei følgje rammeplanen (lenka til over).
    • GLSM: GLSM er på 20 studiepoeng. Merk at det finst to ulike GLSM-studium. Eit som er for allmennlærarar og var ein obligatorisk del av denne utdanninga, og eit som er ei påbygging for førskulelærarar som vil ha undervisingskompetanse på småskulen. Dei fleste GLSM-studia som ein finn på ulike institusjonar no er knytt opp mot førskulelærarar, merk at dette kan ikkje godkjennast som ein del av allmennlærarutdanninga. HVO tilbyr ikkje GLSM.
    • RLE: HVO tilbyr ikkje lenger dette RLE-studiet, men det kan vere eit alternativ å ta årstudiet i RLE (60 stp) for å erstatte dette. Ein må ta årsstudiet, då eit halvtårsstudium går djupare i enkelte emner, enn kva det obligatoriske faget gjorde, og dekker ikkje like breitt. Slik at for å oppfylle rammeplanen må ein her ta 60 studiepoeng.
    • Matematikk: Ikkje tilbod på HVO, men kan kanskje finnast på andre institusjonar.
    • Norsk: Heile halvårsstudiet er ikkje lenger tilbod på HVO, men kan kanskje finnast på andre institusjonar.
    • Pedagogikk: Ikkje tilbod på HVO, men kan kanskje finnast på andre institusjonar.
    • Praksis: Det er krav om 20 veker praksis i grunnskulen.
    • Valfrie fag:
      • 3. studieår: Krav om enten 60 studiepoeng i eitt skulefag, eller ein kan dele det opp i 30 studiepoengseiningar i to skulefag. Skulefag er fag som er undervisingsfag i grunnskulen (norsk, matematikk, engelsk, RLE, kunst og handverk, kroppsøving, naturfag, samfunnsfag, musikk og mat og helse).
      • 4.studieår: Krav om 60studiepoeng, men mogleg med både skulefag og skulerelevante fag. Skulerelevante fag er fag som er relevant for arbeidet som lærar i skulen, som til dømes IT, drama, spesialpedagogikk.

Absolutt siste frist for å skrive ut vitnemåler 31. desember 2015, og då må alle krav i rammeplanen av 2003 vere oppfylt!

Ta gjerne kontakt med Kristin Røv kristin.rov@hivolda.no eller Odd Helge Mjellem Tonheim oddht@hivolda.no om du har spørsmål angåande fullføringa av di allmennlærarutdanning.  For deg som ikkje har tatt dei obligatoriske faga i ALU på HVO, sjå lenger ned.

Studentar tatt opp på ALU før 2003:

Fristen for å skrive ut vitnemål etter tidlegare rammeplanar for allmennlærarutdanninga er gått ut. Einaste moglegheit her er å fullføre ALU etter 2003-planen. Merk at dette kan vere vanskeleg, og følgjande bør merkast spesielt:

  • Praksis: I utdanninga frå 1999 var det krav om 18 veker praksis, i 2003 kom det krav om minimum 20 veker praksis.
  • Obligatoriske fag: Her vil det kunne vere mogelegheit for innpassingar, alt etter når du byrja på ALU. Merk at GLSM var eit nytt obligatorisk fag i rammeplanen frå 2003.

Sjå elles kva krav som vert stilt i 2003-rammeplanen og kontaktinformasjon lenger oppe i teksten.

Ikkje ALU-student på HVO?

Om du ordinært var tatt opp, og har fullført det meste av dei obligatoriske faga, ved ein anna institusjon enn HVO, må du kontakte den utdanningsinstitusjonen vedrørande allmennlærarutdanninga. 

Del på