Var med på å opne barnehage i Sør-Afrika

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

2626153421f2c5bb5fa39dad1806744b
Gunnhild Bergset saman med eit av barna i den nye barnehagen.

Aske Håberg og Bergset, som begge arbeider med pedagogikk ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO), var i Sør-Afrika frå 8. til 14. desember. Der vart dei inviterte til å vere med på opning av ein ny barnehage i bydelen Langa i millionbyen Cape Town. Barnehagen, som har 22 barn frå 1,5 til 5 år, vart starta av kvinna Nomonde. Ho vart for ein del år tilbake kjend med musikarar frå Stryn som var i Cape Town. Etter det har Nomonde Tshamlambo vore fleire gongar på besøk i Noreg, der ho har knytt kontaktar. Dei har gitt støtte som gjorde det mogleg å få reist ein ny barnehage.

Satt pris på

Før avreise til Sør-Afrika samla Aske Håberg og Bergset inn pengar frå tilsette ved HVO, som vart brukt til å kjøpe inn møblar og utstyr til barnehagen.

– Den barnehagen hadde ikkje vorte bygd utan støtte frå Noreg. Dei ville ikkje fått offentlege midlar til å byggje den, og folket i Langa hadde ikkje nok midlar sjølve til å klare det. Difor ga lokalbefolkninga sterkt uttrykk for at dei set pris på at Nomonde no har starta det dei kallar «ein seriøs barnehage», seier Bergset og legg til at dei tilsette får løn frå det offentlege no som barnehagen er oppe og går.

defc3d865579097f1b1ee47798c357ca
Barnehageleiar Nomonde Tshamlambo viser fram utstyr ho har fått som gåve frå tilsette ved HVO.

Ho meiner barnehagen ikkje står noko tilbake for det vi nordmenn ønskjer for våre barn. I opningstalen sin drog Tshamlambo fram at ho har lært mykje av å vere på utveksling i norske barnehagar, og at ho vil ta det med seg inn i sin nye arbeidsplass.

Gjensidig læring

Bergset fortel at ho i sommar hadde besøk og vart intervjua av den sør-afrikanske dama om arbeid med dei yngste barna i barnehagen.

– Små barn i Sør-Afrika søv fleire timar medan dei er i barnehagen. Ho ønskjer å endre det og få det meir likt slik det er her i Noreg, der ein nyttar tida meir til leik som læring.

f0883e3f31965eaffa3b71e02e6b422f
Liv Ingrid Aske Håberg under opningsfesten av barnehagen. 

Gjensidigheit er eit ord Bergset legg stor vekt på etter besøket i Sør-Afrika. I tillegg til opningsfesten var ho og kollega Aske Håberg på besøk til tre andre barnehagar, i tillegg til eit universitet og eit pedagogisk institutt. Dei fortel om svært interessante opplevingar og erfaringsutvekslingar. Modellen med arbeidsbasert barnehagelærarutdanning, ABLU, står sterkt i landet.

– Dei arbeider mykje med å finne ut kor menneskje er i livet no, og intervjuar dei som tek utdanning grundig og følgjer dei tett opp for kvart nivå i utdanninga. Der har vi mykje å lære. Vi har mange barnehagelærarstudentar i Noreg som har arbeidspraksis frå barnehagen, men vi veit til dømes ikkje kor mykje realkompetanse dei har.

Mogleg samarbeid

Dei to HVO-tilsette fekk støtte til turen frå Internasjonalt kontor. No håpar dei på meir samarbeid med institusjonar i Sør-Afrika framtida. Dei har tru på at det kan bli både studieutveksling og praksisutveksling.

– Vi får inn studentar som kjem frå andre delar av verda. Då er det nyttig å kjenne til andre kulturar, slik at vi kan leggje best mogleg til rette for dei studentane. Vi vil gjerne sende våre studentar ut i praksis i andre land slik at dei kan få innsikt i korleis barn har det andre stadar utanfor Noreg. Det vil vere til stor hjelp når dei skal ut i arbeid her heime, der dei treffer på barn med forskjellig etnisk bakgrunn, seier Bergset.

Del på