Vidareutdanning i skuleleiing

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Kvifor valde du å ta til på studiet?

– Arbeidstida til ein rektor er fylt med eit så stort tal ulike arbeidsoppgåver at det er nærast umogleg å nå over alt, i alle fall på ein skikkeleg måte. Ofte er det vanskeleg å prioritere mellom oppgåvene. Eg hadde vore rektor i to år då eg starta på studiet, og var komen til eit punkt  då eg såg alle utfordringane, men var usikker på kva som ville vere beste løysingane. Eg trong hjelp til meir målretta lesing for å få oversikt over heilskapen. Målet mitt med studiet var såleis å skaffe meg bakgrunn for å analysere ulike utfordringar og nytte relevant teori som hjelp til å ordne tankane og lettare greie å prioritere. Dette tykkjer eg at eg har fått god hjelp til. Svært mykje har klarna, og parallelt har eg fått prøve ut tankane mine saman med plangruppa og personalet elles. Vi var så heldige å få skuleovertaking dette skuleåret (studentar tok over skulen i to og ei halv veke), så vi har også fått tid til utviklingsarbeid. Då var det dobbelt viktig at skuleleiaren hadde hatt høve til å skaffe seg ei oversikt over kva som måtte prioriterast, over relevant teori som kunne vise veg, og over korleis  slikt arbeid bør organiserast, seier rektor Kirsti Øye Driveklepp.

c7132147de89f485f73771d3315c28b3a73e1154

Rektor Kirsti Øye Driveklepp. Foto: Møre-Nytt.

– Skuleleiaren si rolle har endra seg mykje. Kva vil du trekke fram som det mest utfordrande ved det å vere skuleleiar?

Ovanfor har eg peika på den kanskje største utfordringa, å kunne prioritere oppgåvene og nytte tida best mogleg for å gjere skulen så god som mogleg for elevane. Kanskje kan kompleksiteten i rektorrolla visast best fram gjennom Undervisningsdirektoratet si liste over oppgåver:


• Ansvar for elevane sine læringsresultat og læringsmiljø, og å leie læringsprosessar og rettleie lærarar i prosessane 
• Styring og administrasjon i vid forstand, t.d. m.o.t. økonomi og leiing for eit forvaltingsorgan der lov og føreskrifter skal haldast, og dermed å sørgje for at nødvendige rutinar er til stades og vert følgde på alle område
• Samarbeid og organisasjonsbygging, rettleiing av lærarar, å bygge fellesskap, arbeidsmiljø, samarbeid og organisasjonskultur, slik at lærarar og andre tilsette kan hjelpe kvarandre og være stolte og motiverte
• Det overordna ansvaret for utvikling og endring i skulen og hos lærarane. Både samfunnet, elevgrunnlaget, foreldra, teknologien og politikken endrar seg, og faga utviklar seg

I tillegg til dette er det mange rektorar som underviser. Rektor må ha både god fagkompetanse og legitimitet, og ikkje minst for legitimiteten er det å ha kompetanse også i skuleleiing viktig for å kunne stå fram med nødvendig tyngde. Alle oppgåvene er utfordrande, men skal skulen utvikle seg, er leiing og styring av utviklings- og endringsprosessar ei av de viktigaste, men også vanskelegaste oppgåvene. Det krev at ein til ei kvar tid er oppdatert m.o.t. forsking og fagstoff, metodar og utstyr, osv, slik at ein ikkje let seg rive med, men veit kva ein driv med, korleis og kvifor. Norsk skule har fått kritikk for å vere ein ”kenguru-skule”, dvs ein skule som lett hoppar i dei retningar dei seinaste guruane peikar, og det må ein unngå om ein skal kunne sjå kva som gir resultat. Heller ikkje må ein verte handlingslamma, så god kunnskap og oversikt er sentralt. 

– Synest du at studiet er relevant for den kvardagen du opplever i skulen?

– Det er det ikkje tvil om. Studiet er svært praktisk lagt opp i og med at dei oppgåvene som skal leverast heile tida vert relaterte til eigen arbeidsplass og skuleleiarutfordringar ein har der. Ein får difor reflektert over det som opptek ein, og sett det i lys av relevant teori. Eg har tidlegare funne det vanskeleg å finne god faglitteratur å nytte til slik refleksjon, og synest eg gjennom utdanninga fått med meg gode reiskap for framtida i så måte. Både stoffutval og førelesingar har vore svært relevante og interessante. Ikkje minst har studiet hjelpt meg til å sjå samanhengar som på mange måtar har vore løynde sjølv om eg generelt er interessert i trendar i samfunnsutviklinga. M.a. gjeld dette internasjonale  strøymingar som har sett sine spor i tenking rundt skule. 
  
– Kva vil du trekke fram som mest positivt?

– Her kunne mykje vore nemnt, m.a. nettopp dette at vi har fått hjelp til å løfte oss og ”sjå gjennom glastaket”, kunne forstå samanhengar og difor lettare ta tak i enkeltsaker. Samarbeidet med og respons frå dei andre studentane, særleg dei i basisgruppa, har også vore nyttig, like eins frå førelesarane. Særleg nyttig var responsen frå medstudentar og rettleiar i samla elevgruppe på oppgåvene i dei to siste delemna Eg har i det heile lært mykje av å sjå kva andre arbeider med og tenkje saman med dei, slår Øye Driveklepp fast. 
 
– Kva kunne ha vore betre? 
 
– Vi kunne nok ha nytta Fronter betre, men i ein hektisk kvardag har det vore vanskeleg å ta seg tid til meir enn det emst naudsynte. I første del av studieåret kom respons på oppgåvene så tidleg at eg verken hadde lese nok eller tenkt nok, så her vart det levert oppgåver som i praksis hadde fått lite respons. Det er uheldig, for det er i byrjinga ein treng mest oppbacking. For somme av oss var det kanskje ikkje klart nok at studiet faktisk krev ein god del arbeid, så dersom ein i tillegg stod fast på oppgåvene, kunne det nok verke litt overveldande for somme. Men det er trass alt 30 studiepoeng på masternivå det er snakk om, så vi burde vel ha vore førebudde på arbeidsbyrda.

– Vil du anbefale kurset til andre?

– Absolutt! Dette er svært nyttig anten ein er skuleleiar eller lærar, sier ho.

Del på