Voldastudentar webstreamer Lego League

First Lego League (FLL) vert arrangert i Høgskolen i Ålesund sine lokale den 8. november. 24 andreårsstudentar ved Bachelorgradsstudiet i media, IKT og design har førebudd seg i tre veker for å sende levande bilete av arrangementet på internett.

1-525_1

Bileta her tekne av Gaute Hareide ved FLL-konkurransen i fjor.

2_12

Førebuingane har i stor grad gått med til trening i fleirkameraproduksjon.
– Vi skal sende konkurransen på ein storskjerm i konkurranselokala, i tillegg til å streame sendingar på internett, forklarar Kjetil Vaage Øie ved Avdeling for kulturfag.

– Vi skal bruke seks kamera til å dekkje konkurransen. I tillegg kjem oppgåver som bileteregi, biletemiks, lyd, grafikk med meir.

– Arrangørane melder at ein kan vente eit publikumstal på 700. Det er om lag 20 LEGO-lag som er påmelde, fortel Vaage Øie.

Meir utstyr

– Skilnaden frå i fjor er at vi har lånt fleire kamera for å gjennomføre dette på ein tilfredsstillande måte, seier han.

– I tillegg har vi kjøpt inn ein ny biletemiksar.

– Mangelen på utstyr har vore eit problem gjennom fleire år, men no er vi godt rusta på den fronten – og kan då fokusere meir på innhald enn teknikk.

Les meir på www.hjernekraft.no - du finn videostreaminga på http://mkt.hivolda.no/

3_8

4_7

5_8

Del på: