Amandapris til høgskuletilsett Linda Fagerli Sæthren

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det er ikkje første gangen studentar frå Volda er nominerte i ”Amanda-festivalen”, fortel Hans Martin Dypvik ved Avdeling for mediefag, men i år var det altså både ein animasjonsfilm og ein dokumentar som er nominert.

- ”USA mot al-Arian” var nominert til beste dokumentarfilm. Denne er det Line Halvorsen, tidlegare student ved fjernsyn- og dokumentarfilmstudiet som står bak.
Det vart ikkje Amandapris på henne denne gangen. Den gjekk til Hanne Myren for ”Jenter.”

Strålande kritikkar til ”Janus”
Kortfilen har vore vist ved fleire filmfestivalar, og motteke svært god kritikkar.
Ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 2007 fekk ”Janus” heiderleg omtale.
Slik var juryen sin uttale: "Vår siste hederlige omtale går til en film som imponerte med sin presise og alvorlige humor. En film som med forbilledlig idérikdom maner fram en tid som er ugjenkallelig forbi. Det er en film med sjelden godt skrevet dialog, med en ypperlig casting og et presist skuespill. Den er også fremragende animert."

Elles i tillegg fekk tidlegare Volda-student Aslaug Holm bransjeprisen 'Gullklapperen'.  Også 2 andre tidlegare Volda-studentar, Gunnar Vikene og Line Halvorsen var nominerte til Amanda.

Les meir på smp.no

Les meir på Farojournalen

Del på