Caroline Leaf er gjesteførelesar på animasjonsutdanninga
- Dette er ein annan estetikk, fortel kunstnar Caroline Leaf som held ein workshop i spesielle animasjonsteknikkar for studentar ved Høgskulen i Volda. Kombinasjonen av kreativ animasjon og teknikken ved Høgskulen i Volda har gitt flotte resultat, kommenterer ho.
- This is a new way of working, and it is very flexible, smiler Caroline.
Ho er no freelance biletkunstnar, men har bakgrunn som både animatør og faglege stillingar både i England og USA.
- No er det nok å ta eit bilete for kvar gong figuren i filmen endrar seg, medan vi tidlegare måtte ta 24 bilete i sekundet for å få flyt i filmen. Her på Høgskulen i Volda har dei scannar, som leser inn kvar ramme digitalt, og så kan ein nytte datamaskina til å justere opp hastigheita til 24 biletvisningar i sekundet. Dette er lettare og mykje meir fleksibelt, fortel ho.
Animasjonsstudent Renate Sanner (21)
Teiknar på filmen
- Eg riper eller tusjar rett på ferdig framkalla, tom film, forklarar Renate Sanner (21). Ho er ein av animasjonsstudentane som får undervisning frå Leaf. Eg riper inn eit motiv i gongen, og scannar det inn på datamaskina, der eg kan styre farta på filmen og legge til lyd.
- Det er smått, men det gir ein dramatikk og skaper liv når det vert vist på ein stor skjerm.
- Det skaper ein annan estetikk og er sjarmen med å jobbe på denne måten, legg Caroline Leaf til.
Den særmerkte signaturen
- Animasjonsstudentane nyttar også ein teknikk med å teikne i sand på ei glasplate. Denne sanden vert forma med forholdsvis rå og særmerkte strukturar frå eine produksjonen til den andre. Studentane teiknar i sanden, og tek eit bilete av plata og dei bakgrunnane som er på plater bakanfor, forklarer kunstnaren.
- Studentane i Volda er flinke, og gjer ein flott jobb, kommenterer Caroline Leaf. Det er heilt utruleg å vere her – så mykje flott på denne vesle plassen – som om det dukkar opp frå ingenting. Ein ser seg rundt og vert imponert over det de får til her.
Du kan lese meir om Caroline Leaf på hennar heimeside.