Samla medieforskarar frå heile landet
Over hundre fagfolk deltok under Norsk medieforskarkonferanse 2024. Høgskulen i Volda skipa to innhaldsrike dagar med søkjelys på medieforskarrolla i ei digital tid.
F.v.: Kate Kartveit, arrangementsansvarleg for HVO, Marika Lüders, avtroppande leiar i medieforskarlaget, hovudtalar Karin Wahl-Jorgensen og hovudtalar Rich Ling.
Annakvart år oppstår eit mediefagleg episenter i regi av Norsk medieforskarlag. Denne hausten var staden Ålesund og vertskapet Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO).
Eit hundretals deltakarar belyste konferansetemaet «Medieforskarrolla i ei digital tid» gjennom profilerte foredrag, fruktbare gruppeøkter og god gamaldags drøs – og Sunnmøre kunne skjenke dei tilreisande eit uvanleg godt oktobervêr.
– Det er på denne konferansen vi møtest og blir kjende på tvers og med folk vi elles ikkje samarbeider med. Eg trur det har blitt helt sentralt for den norske medieforskinga at vi har blitt ein sterk institusjon, smilte Marika Lüders, avtroppande leiar i medieforskarlaget.
– Medieforskarkonferansen trur eg er viktig både for dei nye som kjem inn i dette forskarmiljøet, og for oss som har vore her ei stund. Det er kjempegøy å sjå kor mange som er påmelde, sa Lüders.
- Sjå heile programmet for konferansen her.
Frå dataspel til politisk kommunikasjon
At årets konferansetema romma eit stort fagleg spenn, var tydeleg å oppleve som fluge på veggen under dei mange gruppearbeida.
Deltakarane kunne velje mellom tolv ulike tematiske grupper, der dei forskarane som ønskte det, kunne få rikeleg med nyttig respons på (meir eller mindre uferdige) forskingsarbeid dei hadde sendt inn på førehand.
Gruppa om visuell kultur blei leia av NTNU-dekan Sara Brinch, som oppsummerte ein gjennomgangstone blant konferansedeltakarane:
– Det er flott å vere her for å treffe kollegaer frå heile landet og kunne setje av tid til å lytte konsentrert til, og lese seg opp på, forskingsarbeida til kvarandre. Det er så fint at ein kan leggje fram undervegs-arbeid og få kollegiale innspel – dette er ein veldig flott måte å drive konferanse på.
Enkeltgruppene elles sorterte seg under kategoriane digital kultur, journalistikk, mediebruk og publikum, mediehistorie, internasjonale mediestudiar, medieindustriar, film, dataspel, politisk kommunikasjon og dessutan barn, unge og media.
Digitalisert kulturarv til felles
Medieforsking er ikkje berre teori, men kan vere svært så handgripeleg. Med ein 35 mm filmstrimmel mellom fingrane kunne Tone Føreland effektivt belyse at digitalisering av filmarven vår alltid gjer noko med objektet som kjelde.
Føreland er filmarkivar og forskar 2 ved Nasjonalbiblioteket. På konferansen møtte ho mellom andre HVO-professor Henrik G. Bastiansen, som har skrive bok om nettopp digitalisering av kulturarv med Nasjonalbiblioteket under lupa. Dei to har følgt kvarandre si forsking med stor interesse og gjensidig nytte gjennom felles tematikk.
– Mi bok teiknar eit stort bilete, mens Tone har gått i detaljane gjennom nærkontakten med kjeldene. Ho har opna arkivboksane og funne lappane med informasjon som ligg saman med filmrullane. Blir ikkje slikt lagra som metadata, går viktig informasjon tapt, fortalde Bastiansen.
– Dette illustrerer korleis digitalisering av historisk materiale ikkje er eit enkelt éin-til-éin-forhold, supplerte Føreland.
Filmforskar Føreland og mediehistorikar Bastiansen var samde om at konferansen er ein nyttig møtestad for vidare framgang med forskingsarbeida dei legg fram for eit breitt samansett kollegium.
– Eg har fått nokre heilt konkrete og kjempenyttige innspel her. Og det at forskinga mi kan vere interessant for deltakarar som jobbar med heilt andre forskingstema, det synest eg er veldig inspirerande – og du får ein annan type refleksjon av det, sa Føreland.
– Det er noko veldig fint med at vi får utveksla mykje fag og oppdatert kvarandre på tvers av institusjonane her. Ut av dette kjem det nye idear, la Bastiansen til.
Prisdryss over både ferske og erfarne i faget
Medieforskarkonferansen, som Høgskulen i Volda sist arrangerte i 2010, baud også på ein staseleg festmiddag. Her delte Norsk medieforskarlag ut fire prisar som kastar litt ekstra glans over samlinga kvart andre år.
Gjennom prisane vil dei både heie fram nokon som står på terskelen til ein forskarkarriere med fersk masteroppgåve, og heidre solid innsats hos etablerte forskarar.
Prisen for beste masterarbeid dei siste to åra gjekk til Ingrid Aase-Nilsen og Sivert Rismoen, som du kan lese meir om her (kristiania.no). Prisen for beste artikkel dei siste to åra gjekk til førsteamanuensis Erik Knudsen (UiB) for denne artikkelen (bora.uib.no).
Heidersprisen gjekk til professor Jostein Gripsrud (UiB) for den store betydninga han har hatt for medievitskapen i Noreg. Formidlingsprisen gjekk til Natalia Kucirkova, professor i barnehagepedagogikk og tidleg utvikling ved UiS.
– Forskingsformidlinga på dette feltet er kanskje meir subtil og mindre synleg i media, men ved å ta imot denne prisen håpar eg å inspirere fleire kvinner til delta i den offentlege debatten på den måten dei kjenner deg mest komfortable, sa ho i takketalen sin.
Store omveltingar og kunstig intelligens
Dei to konferansedagane opna med kvart sitt faglege trekkplaster: to hovudtalarar med internasjonal tyngd innan medieforsking. Sjølv om begge tok mikrofonen på engelsk, tok dei spørsmåla frå salen på norsk på stram arm.
Professor Karin Wahl-Jorgensen (Cardiff University) førelas over temaet «Media research in the digital age: Rethinking our assumptions», medan professor Rich Ling tok føre seg temaet «Media Research in the digital age – challenges and opportunities».
Wahl-Jorgensen diskuterte den ibuande, skiftande naturen til journalistikken og kompleksiteten i medielandskapet. Ho fekk i gang salen med gode spørsmål, og svarte mellom anna dette på om vi treng medieforskinga framover:
– Ja, meir enn nokon gong, både praktisk og normativt er det ein marknad for det. Medierollene endrar seg, og i dag vil unge kanskje vere TikTok-reporter heller enn journalist, men så lenge media finst, treng vi både relevant medieforsking og kollegaer som kan undervise i det.
Ein energisk Rich Ling tok mellom anna på seg rolla som nestoren i faget, idet han funderte om korleis dei yngre forskarane kan nærme seg kunstig intelligens (KI) som forskingstema og nytt verktøy samtidig som KI-utviklinga galopperer av garde.
Møteplass som avlar forskingssamarbeid
Tidlegare mediedekan Kate Kartveit er HVOs arrangementsansvarlege for Norsk medieforskarkonferanse 2024. Ho kunne fortelje at det betyr mykje for det mediefaglege miljøet i Volda å vere vertskap for den store konferansen.
– Når vi samlar fagfolk på tvers av disiplinar og felt gjennom eit så stort fellesprosjekt i avdelinga vår, skaper det entusiasme. Dette er også god marknadsføring av Høgskulen i Volda, i tillegg til betydninga det har for akademikarane våre å møte kollegaer frå heile landet.
Kartveit understreka at konferansen også er viktig for å knyte nettverk og få idear til konkrete, vitskaplege samarbeid på tvers av institusjonane.
– I dag kan ein nesten aldri søkje forskingsmidlar med mindre ein har mange partnarar. Så det at vi har ein slik plattform annakvart år på nasjonal basis, det betyr rett og slett mykje for å få i gang forskingsprosjekt.