To dagar til eksamen, men no er ho på MGP

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Grand Prix-sirkuset på Fornebu denne veka har 500 friviljuge. Mange er ute etter ei verdifull erfaring og nyttig nettverksbygging.

96b14f75327516b599d278c112aeec5312238019

Faksimile frå NRK.no

– Vi jobbar i sørvisdesken på pressesenteret og hjelper alt frå journalistar til kommentatorar med informasjon om mellom anna pressekonferansar og arrangement, fortel Hanne Marie Molde saman med Pieter Goossen fra Belgia og Anne Schmiechen fra Tyskland.

Hanne Marie har vorte kjend som litt av ein nomade. I løpet av tre semester har Hanne Marie budd i Russland, Tyskland og Danmark, der ho mellom anna arbeidde på pressesenteret under klimatoppmøtet i København.

Internasjonale erfaringar

Høgskulen i Volda legg opp til utanlandsutveksling for alle som ynskjer det, og studentane er oppmoda om å få med seg desse erfaringane. Målet er at 10% av studentmassen til ei kvar tid skal vere på reisefot, anten som norske studentar ute, eller som internasjonale studentar på campus i Volda. Med eit godt kvalitetssikra nettverk av partnaruniversitet over heile verda fyl studentane relevant undervisning i til dømes eit bachelorløp.

– Dette er veldig gøy, ein knyt band og får kontaktar frå ulike land, fortel Hanne Marie på NRK sine MGP-sider.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

– Eg har allereie fått mange nye Facebook-vener, og får verkeleg kjensla av å vere med i eit internasjonalt fellesskap.

Del på