Den norske dokumentarfilmfestivalen treng frivillige

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

dokfilmstyret

TRENG DEG: Vegard Eine Østerhagen, Gunnhild
Jørginsdóttir Brimheim og Ingrid Sunde i dokfilmstyret ser fram til å få hjelp av engasjerte studentar ved Høgskulen i Volda. FOTO: Hanne Marie Molde.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 08 vert arrangert 29. april til 4. mai. Studentar ved skulen står i leiinga for for festivalen, og dei er derfor heilt avhengige av at studentar og andre krefter ved Høgskulen og i lokalmiljøet i Volda hjelper til både før, under og etter festivalen.

- Skal me få det til, så treng me hjelp frå folk, seier Gunnhild.

Sosial jobb
Dei to sosialansvarlege Gunnhild og Ingvild treng to folkefestansvarlege som kan arrangera folkfesten i Volda laurdag 3. mai.
- Dette er festdagen i Volda sentrum og eit av høgdepunkta under festivalen. Det er denne dagen Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er mest synleg i Volda, fortel Ingvild.
Ho fortel at dei to folkefestansvarlege vil få ansvaret for alt som skal skje, til dømes hesteridning, ansiktsmåling, boder og konsert.
- Det er ein sosial jobb der ein får møta, planlegga og ordna til festen, seier Ingvild

God erfaring
Informasjonsansvarleg Ingrid Sunde og grafisk ansvarleg Christine Ø. Halvorsen er òg avhengige av hjelp frå frivillige. Dei skal denne våren laga programblad og magasin til festivalen, og her treng dei journalistar, fotografar og grafikarar.
- Dette er ein flott sjanse til å få publisert noko, seier Christine.

Gratis pass og t-skjorte
Utover våren vil styret prøva å få med så mange som mogeleg for å hjelpa til under sjølve festivalen.
- Me treng mellom anna folk til kafè, bar og infobu, og me treng sjåførar, teknikarar og folk som kan rydda, fortel Gunnhild.
- Det er kjempesosialt å jobba med festivalen, og alle frivillige vil få gratis festivalpass og t-skjorte, lokkar ho.

Interesserte kan ta kontakt med styret eller skriva seg på lista utanfor Dokfilmkontoret på BK.

http://www.dokfilm.no/

Tekst: Hanne Marie Molde

Del på