Dokfilm: Gledestårer for filmpris

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst og foto: Anita Lien

PrisutdelinDOKFILM525

- Filmen er heilstøypt og eit viktig tidsdokument. Det er eit stort menneskeleg drama med personlege konfliktar og ein overraskande slutt, sa juryen om filmen "Lykkens grøde", då den vart kåra til Beste dokumentarfilm 2008.

Regissørane Hilde K. Kjøs og Karoline Grindaker hadde vanskeleg for å beskrive takksemda for utmerkinga.

- Dette er ei utruleg oppleving. Vi har nesten ikkje tårar att.

Hovud og kropp

Prisutdelinga vart leia av Gunnar Strøm, lærar ved dokumentarfilmlinja ved Høgskulen i Volda, og Olav Øye, leiar for Studentenes Landsforbund. Strøm er klar på kva som skal kjenneteikne ein god dokumentarfilm.

- Ein god film talar både til intellektet og magen, i tillegg til at den har ei form og ein stil som passar innhaldet. Dersom ein film har alt dette, har ein nesten definisjonen på ein dokumentarfilm.

I følgje dei ulike juryane var det mange filmar som oppfylte desse kriteria, for dei kunne fortelja at det hadde vore ein vanskeleg jobb å kåre vinnarar mellom alle bidraga.

Prisutdeling-STUDENT525

- Ingen tvil

I kategorien Beste studentproduksjon var det stor einigheit i juryen om kva for ein av de 19 nominerte studentfilmane som skulle stikke av med prisen.

- Det var inga tvil i våre hjarter, konkluderte juryen, og gav prisen til Liv Martinez Aasen for filmen "Veien tilbake". I same kategori fekk filmane "Livets goder" av Stine Helèn Enger, "Lysgårdsbakkene" av Aslak Danbolt og "Mormonia" av Torstein Molle Haug heiderleg omtale.

Publikumsprisen525

Publikumsprisen vart delt ut til slutt, og vart stemt fram av publikum på festivalen. Vinnaren av den gjeve prisen vart filmen "Problembarna" av Pål Winsents. Regissøren sjølv var ein svært glad mann denne kvelden.

- Eit betre publikum enn studentar skal ein leita lengje etter, jubla han, til stor applaus fra salen.
I same kategori vart det delt ut heiderleg omtale til dei fem filmane "Konys krigere" av Runar Kvamme og Eystein Hanssen, "Kniven i huset i byen" av Espen Thorstenson, "Paradiset" av Jerzy Sladkowski og "Dimitrijs spor" av Lars Kristian Singelstad. Også i kategorien Beste dokumentarfilm vart det delt ut heiderlege omtalar. Desse gjekk til "Journey of a Red Fridge" av Lucian Muntean og Natsa Stankovic og "Cabal in Kabul" av Dan Alexe.

Kortfilmar

Eit nummer i rekka og Superdok er to konkurransar utanfor hovudprogrammet. Fyrstnevnde kategori er filmar på inn til tre minutt, der miljø i alle former og fasongar var årets tema.
I Superdok skal filmskaparane laga 60 sekund lange dokumentarfilmar. Vinnar av Eit nummer i rekka vart filmen "Nytt liv" av Kathleen Johnsen, mens filmen "Exposed" av Vanja Ohna fekk heiderleg omtale.

Vinnar av Superdok vart filmen "Naturlig Revolusjon" av Julian Vargas.

- Filmen er ein utsøkt og profesjonell kommentar om forholdet mellom natur og kultur, var juryens dom.

I tillegg fekk Øystein Skarsbø, Johan Jøsok, Steinar Tharaldsen og Randi Urke frå Haram vidaregåande skule heiderleg omtale for filmen "Paradis på jord".

Del på