Figurar, ansikt og plassar i Berte Kanutte-huset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Vi har nok brukt seks, sju veker på produksjonen, først all tida, natt og dag, med fotografering, deretter mykje studiotid for å setje saman dei enkelte fotografia, fortel Qian.
- Tusenvis av enkeltfotografi måtte til for å skape filmen, så dette tek mykje tid, smiler Daniela. Ei filmramme består gjerne av to-tre bilder.

frBK_520

Qian Shi  (t.v.) og Daniela G. Philipp framfor Berte Kanutte-huset

Qian Shi (21) er frå Beijing, og er utvekslingsstudent frå Beijing Broadcasting University. Daniela G. Philipp (27) er frå Kroatia og er utvekslingsstudent frå Zagreb Academy of Fine Arts.

- Filmen har ei skildring som grunnar i arkitektur, og eignar seg slik godt som presentasjonsfilm. Figurar, ansikt og plassar er tema, med utelukkande bruk av originalt lys. Der er ikkje nytta spesielle effektar i det heile, plass og lys er effektar i seg sjølv, fortel dei.

Filmen vert mellom anna nytta her på HVO-veven i studiestarten 2005.

Del på