Gunnar-prisar til Linda Fagerli Sæthren

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Laurdag kveld vart Golden Gunnar-prisen delt ut på Fredrikstad Animation Festival, den leiande nordisk-baltiske animasjonsfilmfestivalen. Linda Fagerli Sæthren frå Volda vann både prisen for beste nordisk-baltiske studentfilm og publikumsprisen for dukkefilmen ”Janus”, som ho laga ved Høgskulen i Volda. Tidlegere i år vann Sæthren ”Amanda” og publikumsprisen på AnimationVolda for same filmen.

Prisen for beste norske kortfilm gjekk til Astrid Aakra for ”Snill”. Tidlegare Voldastudent Kaja Wright Polmar fekk diplom for ”Asylsøkere”. Prisen for beste oppdragsfilm gjekk til Bjørn Fast Nagell for ”Gutten og Torsken”, medan svenske Erling Ericsson fekk ”Life Achievement Award” for arbeidet med animasjon og born frå heile verden. Anoba-prisen stakk Mati Kütt fra Estland av med for filmen ”The Institute of the Dream”.

Golden Gunnar-statuetten er designa av Pjotr Sapegin og modellert på Gunnar Strøm frå Volda. Prisen vart delt ut for fjerde gang.

Les meir om festivalen


Les fleire nyhende om Linda Fagerli Sæthren:

link_pil3Amandapris til høgskuletilsett Linda Fagerli Sæthren
Linda Fagerli Sæthren fekk Amandaprisen i kategorien "Beste kortfilm" ved filmfestivalen i Haugesund i helga for kortfilmen ”Janus”. Ho er tidlegare student og no tilsett ved Høgskulen i Volda, og leverte animasjonsfilmen som si eksamensoppgåve.
Les meir - ..

link_pil3Volda-filmar nominert til Amanda
Kortfilmen ”Janus” er nominert til "Beste kortfilm" i Den norske filmfestivalen i Haugesund. Regissør Linda Fagerli Sæthren er student ved Høgskulen i Volda, og leverte animasjonsfilmen som si eksamensoppgåve. I tillegg er ”USA mot al-Arian” er også nominert til beste dokumentarfilm.
Les meir - ..

link_pil3Gull til Volda i Visuelt07!
- En perfekt hyllest til musikk og Kiss sin komposisjon Love Gun. Filmen briljerer med sin grenseløse fantasi og er skremmende godt gjennomført, står det i juryens begrunnelse når voldastudent Trygve Nielsen vinner gull i Grafill’s Visuelt07-konkurranse med animasjonsfilmen The Pianoplayer, the Cowboy and the Singing Housewife.
Les meir - ..

Del på