Guri Solberg delar ut prisar på dokfilmfestivalen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

GuriSolberg

Som tidligare student i Volda kjenner Solberg godt til dokumentarfilmfestivalen.

- Kombinasjonen av å drikke utepils med tjukk genser og ein uutømmeleg kjelde av fine filmar er uslåeleg, mimrar danse-Guri, før ho innrømmer at ho er veldig glad i filmsjangeren.

- Det er veldig stas både å sjå store produksjonar frå erfarne filmskaparar, og småabsurditetar frå studentar og ferskingar, fortel Guri Solberg.

Dei tre flugeprisane deles ut under laurdagsfesten neste helg. To juryar kårar beste dokumentarfilm og beste studentproduksjon, medan publikum stemmer fram sin favoritt dokumentarfilm.

For meir informasjon om Den Tiande Norske Dokumentarfilmfestivalen sjå www.dokfilm.no

Del på