Journalistlærar underviser i Brasil

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studiet i Reportasje og foto vart etablert i fjor med Hege Lamark, Høgskolen i Bodø som fagleg nøkkelperson bak opplegget. Administrativt ansvarleg er Gateway College og studentane får sine 20 studiepoeng i reportasje og foto frå Høgskulen i Telemark.

roppen_520

Studiet har halde til på journalistutdanninga i Salvador, Brasil. Frå venstre: Johann Roppen, Ingeborg Refsnes frå Adresseavisen og lokal koordinator Trond Ola Tilseth.

Tidlegare voldastudent Trond Ola Tilseth har gjort ein stor jobb med å bygge opp det lokale nettverket i Brasil. No fungerer det greitt med tilgang på luftkjølte undervisningslokale og pc-salar med Internett til studentane i same hus som journalistutdanninga ved universitet. Rett ut for døra står reportasjeidéane i kø. Til dels skremmande nær: 50 meter frå forelesingssalen vart ein taxisjåfør skoten i eit narkotikaoppgjer ein tidleg morgon for eit par dagar sidan. Og det sjølv om her tilsynelatande er væpna politi på alle gatehjørne og ei mystisk militær bygning utan noko skilting vegg i vegg med journalistutdanninga.

Studentane har vore borti slikt som ein må rekne med her: Juling under karnevalet, ran, kamera-, veske- og smykkenapping, rare hudinfeksjonar og mat som  magen nektar å godta. 

Salvador er hovudstad i Bahia regionen og er med ca 2,5 mill. innbyggjarar den tredje største i Brasil. Byen vart bygd opp som eit sentrum for import av slavar og eksport av sukker og seinare tobakk og kaffi. Byen var den første hovudstaden i Brasil og lenge den rikaste byen i landet. Gamlebyen står på UNESCOs verdsarvliste.Som turistmål har byen og området eit fantastisk potensiale og er no i ferdmed å bli bygd opp til å handtere vekst på dette området. Førebels er her fåutanlandske turistar og engelskkunnskapane er dårlege hos dei fleste.

Del på