Journaliststudentar tilbake frå krigen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

karl-valestrand520

Journaliststudent Karl Valestrand er ”krigsreportar” og lager fjernsyn frå konflikten som militærstyrkar frå 18 land trener på under vinterøvelsen Cold Respons i Troms.

I dette oppdikta scenariet skal FN-styrkar presse militære styrkar frå landet Mazzerati ut frå Olivia.
Her er store etniske konfliktar, paramilitære grupper, terroristar, sivilbefolkning på flukt og stor uro kring republikkar som prøver å lausrive seg frå landa dei eigentleg høyrer til.
Med andre ord er situasjonen ikkje ulik frå det ein har opplevd gjennom konfliktar i Bosnia, Kosovo og Afghanistan.

Midt opp i dette kaoset med 8.000 soldatar frå 18 ulike land, skal journaliststudentane skilje sanning frå propaganda. Dette er ei stor utfordring der partane er interesserte i å påverke opinionen for å fremme si sak.

Dei journalistiske produkta vert formidla vidare til landa sine innbyggarar gjennom tre aviser og to fjernsynsstasjonar som har oppretta eit provisoriske pressesenter i Skjold.

monica-sebo520

Omgitt av ”krig” og 8.000 soldatar i indre Troms, arbeider journaliststudent Monica Sæbø som krigsreportar.

- Mange har jobba 14 - 18 timer i strekk i kulde og mørke i et slags organisert kaos, der vi aldri veit kva som skjer. Slitsom, men moro, seier journaliststudent Monica Sæbø.

Dette er tredje gongen journalistutdanninga ved AMF deltek i opplegg som dette.
- Studentane får god trening i å jobbe under vanskelege forhold, samt at dei får ei god innsikt i korleis militære opererer og tenkjer, seier utdanningsansvarleg for journalistutdanninga ved AMF, Jan Ytrehorn.

natvig-520

Journaliststudent Anne Natvig (t.v) intervjuer en offiser frå dei mulitnasjonale styrkane som skal presse ut dei mazziratiske styrkane som har trengt inn i det fiktive landet Olivia.

Del på