Mediestudentar i India på reportasjearbeid

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Studentane bloggar undervegs, anten på eigne bloggar eller på bloggen til sjølve studiet - India.PRiVolda.no.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

5b208efef4efbaa02347ceec981427813543fa64

Foto frå blogginnlegget til Kristin Sævig da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Det er no studentar i hovudsak frå journalistutdanninga og PR-utdanninga i Volda som tek dette kurset, med ei studiereise til India som ein fast del av opplegget.

– Alt vel sa langt, melder reiseleiarane Jan og Torgeir i ein rask oppdateringspost frå internettkafé.

Dei skriv:

– Ingen sjuke, ingen uhell, ingen lommetjuveri. Humøret blei rettnok sett på prøve mandag. Då gjekk ferda med tog fra Bangalore til Mangalore. Billettar på aller enklaste andre klasse med harde rett-opp-og-ned-sete, hol-i-golvet-do med ikkje eksisterande hygiene, opne vindu (ikkje AC) - og eit særdeles yrande folkeliv pa alle kantar. Det var om lag 2000 indarar og 14 kvite som reiste med dette toget denne dagen. I 13 timar. Mange og lange forseinkingar undervegs. Og på toppen eit overhendig skybrot rett foer vi kom fram, som m.a. fløymde innover golv og seter.

b26d9f6bf53c42868585ffd1f0315e55871f1b56

Trykk på faksimila for å koma til bloggen

Undervisning i India

– I dette kurset (REP201) er reisa ein viktig del av målet. Denne veka har vi hatt opphald i mellom anna Mangalore, melder dei frå India.

Gruppa reiser vidare til Manipal og ei lita vekes opphald ved unversitetet der, Manipal Universityda50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b. Her skal studentane bu saman med indiske studentar pa studentheimar, og dei skal ta del i undervisning. Det blir også lagt opp til ein del sosiale aktivitetar utanom skuletid.

– Årets opplegg for kurset følgjer malen frå dei siste åra, forklarar Dimmen. Studentane reiser da først to-tre veker i eit organisert opplegg saman med to lærarar, med start i hovudstaden Delhi. Denne runden endar med eit opphald  i Manipal, ein universitetsby på sørvestkysten.

28f8abd754616eae806fcbc794a0332c8dad97fb
Høgskulelektor Torgeir Dimmen og Raviraj ved vitjinga i Volda. Foto: Gaute Hareide, HVO.

Høgskulen i Volda har hatt eit samarbeid med Manipal University dei siste tre-fire åra, og lærarar derifra har vitja Avdeling for mediefag fleire gonger.

Seinast i september var assistant professor Raviraj i Volda, der han mellom anna fekk vere med på fleire førebuanade økter saman med studentane som no er i India. Han etablerte også kontakt med animasjonsmiljøet ved Avdeling for mediefag, og det ligg godt til rette for meir samarbeid også pa dette området.

Del på