Norsk studentradio heile døgnet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Stort radioshow

- Det vert mellom anna spesialkviss med premiar for tørste strupar, trylling, illustrerte radioinnslag og mange fengande låtar på programmet denne kvelden, fortel leiar i Studentradioen i Volda, Sissel Kvalvik.

- Torsdag kl. 21.00 er det pangstart for lanseringa av Studentradioene.no – samstundes som det også er feiring på dei seks andre studentradiostadane – i Halden, Oslo, Stavanger, Bergen, Molde og Trondheim.

Nettbasert studentradiomedlemskap

- Studentradioene.no er eit nettbasert studentradiosamarbeid der utvalde program frå kvar medlemsradio vert sett saman til ein sendeplan som dekkjer heile døgnet, heile veka, forklarer Sissel.
- Torsdag vert kanalen lansert, og etter dette kan ein høyre studentradio når ein vil – frå ulike kantar av landet.
- Førebels er det Halden, Oslo, Stavanger, Bergen, Molde og Trondheim som er medlem, i tillegg til Studentradioen i Volda.

- Dette er historisk, meinar studentradioleiaren. Snart kan studentar lese om dette i pensum.

- Kom til Rokken og ta del i lanseringsshowet klokka 21.00 på torsdag, oppfordrar ho!

Les meir på Studentradioene.no og på Studentradioen i Volda

Del på