Open førelesing med Egil Johan Ree

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fredag 28. september kl. 12.15-14.00.

Førelesinga er i Berte Kanutte-huset, Vesle auditorium

Egil Johan Ree var tidlegare NRK-korrespondent i Moskva, og mangeårig utanriksmedarbeidar i utanriksavdelinga i Norsk Rikskringkasting.

Tittel på føredraget er ”Mai-opprøret i Frankrike 1968. Ein utanriksreportar sitt perspektiv på utanriksjournalistikken,” og førelesinga er ein del av programmet for Internasjonal Mediehistorie ved Avdeling for mediefag,

Førelesinga er open for alle interesserte.

Egil Johan Ree er ein av dei utanriksjournalistiske veteranane i norsk utanriksjournalistikk - og tilhøyrer også for ein hel generasjon nordmenn ein av dei klassiske radiostemmene og fjernsynsfjesa i NRK. I dei seinare år har han ikkje minst vore kjend for sine radiokåseri.

Del på