Øver på katastrofer og ulykker

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bilde-011
Slike øvingar som Mørejarl gir journaliststudentane god trening i å arbeide på ulykkesstader. (Foto: Hans Martin Dypvik)

Øvinga går føre seg i Nordfjord i perioden 13. til 19. september. Over tusen personar er med. Journaliststudentane har oppretta to redaksjonar med base i Eid kommune, og dekkjer øvinga som om den skulle ha vore ekte.

Øvinga tek utgangspunkt i ein nasjonal tryggingspolitisk situasjon, med fare for angrep frå terroristar. I tillegg trenar politi og hjelpemannskap på at det er ein ekstremvêr-situasjon der det går ras, er flaum og der både mobilnettet og straumtilførselen er borte.

Tysdag rykte studentane ut til ei stor bussulykke i Stigedalen, med mange skadde og såra.

– Slike øvingar er god trening i å arbeide med kriser og ulykker for studentane våre. Heile spelet er så realistisk at ein gløymer at dette ikkje er ekte, seier leiar for journalistutdanninga ved HVO, Jan Ytrehorn.

Onsdag var det ei ulykke om bord i ei ferje, med lekkasje frå ein tankbil med kjemikaliar.
I tillegg er her også militære aksjonar, der Heimevernet skal verne viktige samfunnsinstitusjonar i området.

Eit av hovudmåla med øvinga er å samkøyre alle tilgjengelege militære og sivile ressursar når ei større ulykke eller katastrofe skjer.

Dei siste åra har journalistutdanninga i Volda teke del i ei rekkje øvingar av dette slaget.

Bilde-002
Under øvinga trente Forsvaret på at det var ein terrortrussel ved Stad. Her blir sjefen for Heimevernet i distriktet, oberstløytnant Ove Staurset, intervjua. (Foto: Hans Martin Dypvik)

Bilde-016

Peder Ottesen og dei andre journaliststudentane dekte den iscenesette bussulykka i Stigedalen. Her intervjuar dei innsatsleiar Geir Olsen i politiet. (Foto: Hans Martin Dypvik)

Bilde-010

Under øvinga vart det arrangert ei møteulykke mellom ein personbil og ein buss i Stigedalen. E39 var stengd i halvannan time under den realistiske øvinga. (Foto: Hans Martin Dypvik)

Sjå artikkel i Forsvarsnett

Del på