Politisk natt med Radio Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

radioamerika2-130

Kjetil Kjær Andersland og Øyvind Strand Endal gjev tommelen opp for Radio Volda si spesialsending om det amerikanske primærvalet natt til onsdag. Saman med dei er også Daniel Drageset, Åge André Breivik, Vilde Hjertholm Lunde, Håkon Boye Bergum, Hanne Marie Molde, Eirin Aardal og Ingrid Kornelia Sunde, alle 3. klasse radiojournalistikkstudenter.

Det amerikanske nominasjonsvalet er det jamnaste på lang tid. Natt til onsdag skal 24 statar bestemme seg for kven dei vil ha som presidentkandidat. Denne natta blir mykje avgjort når det gjeld kven som faktisk endar opp som presidentkandidatar.  

Spanande val
Det er framleis uvisst om det blir Hillary Clinton eller Barack Obama som blir demokratane sin representant. På republikansk side står valet mellom Mitt Romney og John McCain.
I Radio Volda kjem dei til å ha fortløpande oppdateringar så fort resultata kjem inn frå statane. Kommentator for Radio Volda, Kjetil Kjær Andersland, gler seg til valnatta:
- Det er eit usedvanleg spanande og viktig val, som eg ser fram til dekke for Radio Volda. Det er likevel ingen garanti for at vi veit kven som blir presidentkandidat etter ”Super Tuesday” som denne dagen kallast i USA. Det vi kan love lyttarane derimot er at vi skal kome med analysar og kommentarar i løpet av heile programmet, seier Andersland.
Han legg til at dei kjem til å ta opp viktige tema i valkampen som til dømes kva valet av president betyr for Noreg, kva det betyr for fortsatt krigføring i Irak og ikkje minst kva det betyr for den amerikanske økonomien, som det akkurat no ikkje står så godt til med.

Kva betyr valet for Noreg?
Men det kjem ikkje berre til å vere prat i sendinga.
- Vi speler musikk og reportasjar også. Dessutan kjem vi til å presentere dei fire hovudkandidatane, fortel Andersland.
I spesialsendinga skal dei forklare det kompliserte valsystemet i USA, og kva valet betyr for Noreg. Det blir også plass til eit humoristisk skråblikk på det heile. 
- Dette er ei valsending det er vel verdt å få med seg. For alle dei som høyrde valsendinga frå kommune- og fylkestingsvalet i haust, veit dei at dei har noko godt i vente, seier medprogramleiar Øyvind Strand Endal, som leia valsendinga frå det norske valet i haust. Åge André Breivik skal også vere med i sendinga. Han har bakgrunn frå NRK Møre og Romsdal og har budd i USA. 
- Eg har ikkje heilt oversikt over kva andre norske medier gjer, men eg hadde ikkje vore overraska viss vi er den einaste norske radiostasjonen som dekkjer valet eksklusivt i tre heile timar, fortel Ulstein-mannen.

Del på