Tidlegare animasjonsstudent fekk hovudpris under Kortfilmfestivalen 2008.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kortfilmfestivalen er ein viktig debutarena for mange filmskaparar i Noreg, og vart arrangert iGrimstad frå 12.-17. juni. For etablerte filmskaparar er det ein viktig visningsstad for den frie og uavhengige filmen i Noreg, og konkurransen for internasjonal kortfilm trekk filmskaparar frå heile verda til festivalen. Les meir om Kortfilmfestivalen her.

 

Bygningsarbeidere_525

BYGNINGSARBEIDERE handlar om to bygningsarbeidarar som har ein alvorleg samtale om livet. (Foto: Kortfilmfestivalen.no)

 

 

Vunne ei rekke prisar

Kajsa Næss (f. 1970) er regissør og animatør, og gjekk ut frå animasjonslinja ved Høgskulen i 1996. Ho har laga animerte kortfilmar, musikkvideoar og reklamefilm.

Kajsa Næss starta produksjonsselskapet Mikrofilm AS saman med Lise Fearnley, og har i over ti år laga kortfilmar som er blitt vist på festivalar i inn- og utland og har vunne ei rekke prisar, inkludert ein Oscar.

kajsa

Regissør og animatør Kajsa Næss har gjort suksess

med fleire produksjonar. (Foto: Kortfilmfestivalen.no)

 

 

Overraskande, underhaldande og tankevekkande

Gullstolen er ein pris på 50 000 kroner, og er gitt av Norsk filminstitutt. Gullstolen er ein gyllen regissørstol på ein blå sokkel designa av Heidi Bjørnstad. Kortfilmjuryen på fem medlemmar; Unni Straume, Anna Karin Rynander (Sverige), Hilde Malme, Andres Mänd (Førstelektor på animasjonsutdanninga ved Høgskulen, Estland) og Gunnar Germundsson, og uttalte følgjande om BYGNINGSARBEIDERE:

 

Filmen har en elegant og dynamisk bruk av animasjon. God cast og overbevisende spill med en tilforlatelig samtale om eksistensielle spørsmål, som settes i relieff til en verden i kaos og oppløsning. Filmen er overraskende, underholdende og tankevekkende.”

I

 vurderinga av beste kortfilm har juryen lagt vekt på ”” formbevissthet, vilje og evne til å formidle en historie som engasjerer og som er egnet for det korte formatet, slik at verket fremstår som hel ved”. Juryen påpeikar to generelle tendensar. Mange og kvalitativt sterke kvinnelege bidrag samt overraskande mange og gode animasjonsfilmar.

Del på