Tidlegare animasjonsstudentar med utmerkingar i Visueltkonkurransen 2008

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

VISUELT_ADHERENT_lmagasin

Julian Vargas vann gull for sin kortfilm "Adherent" i kategorien Moving image - studentarbeid.

 

 

Visueltdagane

Visueltdagane arrangerast av Grafill, og er det største årlege arrangementet i Norden innan visuell kommunikasjon. Arrangementet inneheld faglege seminar, screeningar, Visuelt Perspektiv og Visueltkonkurransen med prisutdeling, fest og utstilling. Visueltdagane gjekk av stabelen i Oslo 24. - 26. april, med prisutdeling 25. april på Christiania Teater. (Les meir her).

Visueltdagane har som hovudmålsetting å inspirere, fremme fagleg kompetanse og vere ein møteplass for alle som arbeider med eller er oppteken av visuell kommunikasjon i Noreg. Gjennom dei ulike arrangementa ønskjer ein å auke bevisstheita rundt ansvaret og rolla som profesjonelle utøvarar.

 

Flinke studentar

Det er ikkje første gong at studentane vinn pris for arbeidet sitt. Julian Vargas og Martine Grande var også med på Minimalen kortfilmfestival, der Julian vant pris for beste fiksjon Adherent, som er eksamensfilmen frå animasjonsstudiet. Martine Grande fekk også då “hederlig omtale” for sin animerte eksamensfilm Mein Stampf or the Danceshow of the Last Century.

 

Signe Lambert Johansen vart nominert for animasjonsfilmen Mirror/Mirror under Visueltdagane, og Tuva Synnevåg fekk sølv for sin illustrasjon Trygg som melk.

 

melk

Frå Tuva Synnevåg sin teikneserie "Trygg som melk".

Del på