Volda-filmar nominert til Amanda

Tekst: Webmaster Volda

- Det er ikkje første gangen studentar frå Volda er nominerte i ”Amanda-festivalen”, fortel Hans Martin Dypvik ved Avdeling for mediefag, men i år er det altså både ein animasjonsfilm og ein dokumentar som er nominert.
- Kortfilmen ”Janus” er nominert til "Beste kortfilm", og dette var eksamensoppgåva til Linda Fagerli Sæthren, student ved Høgskulen i Volda.
- ”USA mot al-Arian” er nominert til beste dokumentarfilm. Denne er det Line Halvorsen, tidlegare student ved fjernsyn- og dokumentarfilmstudiet som står bak.

Strålande kritikkar til ”Janus”
Kortfilen har vore vist ved fleire filmfestivalar, og motteke svært god kritikkar.
Ved Kortfilmfestivalen i Grimstad 2007 fekk ”Janus” heiderleg omtale.
Slik var juryen sin uttale: "Vår siste hederlige omtale går til en film som imponerte med sin presise og alvorlige humor. En film som med forbilledlig idérikdom maner fram en tid som er ugjenkallelig forbi. Det er en film med sjelden godt skrevet dialog, med en ypperlig casting og et presist skuespill. Den er også fremragende animert."

Sterk politisk dokumentar
"USA mot AL-ARIAN" er ein tankevekkande og sterk dokumentarfilm som følgjer den muslimske familien Al-Arian og deira desperate kamp for å reinvaske seg frå terroranklagar som er sett i verk av amerikanske myndigheiter.
Les meir om "USA mot "AL-ARIAN"

Amandaprisutdelinga vert sendt direkte på TV2 frå Haugesund Konserthus fredag 17. august, med Thomas Giertsen som programleiar.

Del på