IKF103 Undervisningslære

Emnekode: 
IKF103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Didactics
Emnenavn på bokmål: 
Undervisningslære
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten. Undervisningslæra bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming.

Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for barn og unge med ulike føresetnader.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har grunnleggjande kunnskap knytt til kroppsøvingslærar- og trenarrolla
  • har grunnleggjande kunnskap om og didaktisk erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
  • har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for ulike målgrupper
  • har grunnleggjande kunnskap om tilrettelegging av dans, uteaktivitetar og naturferdsel for barn og unge
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere praktiske økter i kroppsøving og idrett
  • kan vurdere barn og ungdom/eleven si kroppslege utvikling og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring 
  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 
  • kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • kan tilrettelegge for grunnleggjande opplæring i dans, uteaktivitetar og naturferdsel
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan drøfte korleis deltaking i kroppsøving og organisert idrett kan bidra til barn og unge si danningsprosess 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving, organisert idrett, kroppsleg læring og tilrettelagt undervisning 
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom praktisk undervisning, forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning vil foregå i sal, ute, i nærmiljøet og andre eigna områder (avhengig av snøtilhøve).  

Ved digital undervisning vert det stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta til innlevering og kommunikasjon. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Undervisningslære

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Dans 

Kurs 3: Uteaktivitet og naturferdsel 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2 og 3. 

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell skriftleg innlevering i kurs 1. 

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.  

  • Godkjente eigentreningar med framføring i kurs 2. 

  • Godkjent arbeidskrav i kurs 3.

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Materialavgift

200 kr. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Idrett og kroppsøving - årsstudium
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Undervisningslære
Godkjent av: 
Unni Hagen