Semestre

KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar

Emnekode: 
KOH139
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Entreprenørskap i kreative næringar er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for vidareutdanningsstudentar og eksterne søkjarar. Emnet gjev innsikt i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kjennskap til entreprenørskapsomgrepet og kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet  
  • har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar 
  • har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsmodell 
  • har kunnskap om kommunikasjons- og formidlingsstrategiar i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar 
  • har kjennskap til aktuelle støtteordningar  
  • har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift. 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn 
  • kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar i samarbeid med andre 
  • kan utvikle og skrive ein forretningsmodell 
  • kan planleggje og gjennomføre presentasjonar i samarbeid med andre 
  • kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift. 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har utvida kunnskap og ferdigheiter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd 
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.    
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar, seminar med studentaktivitet og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. 

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får rettleiing i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentane arbeider gjennom heile semesteret i studentbedrifter i regi av Ungt entreprenørskap. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.  

Arbeidskrav: Individuell skriftleg eller multimodal oppgåve knytt til tema Entreprenørskap. 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Janne Heggvoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
  • Medieproduksjon - bachelor
  • Musikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Gruppe
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Munnleg presentasjon i gruppe av prosess og produkt knytt til studentbedrift.
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eit skriftleg refleksjonsnotat kor studenten reflekterer over eigen rolle i studentbedriften.
Godkjent av: 
Unni Hagen