Semesters
KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar
Ingen
Entreprenørskap i kreative næringar er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for vidareutdanningsstudentar og eksterne søkjarar. Emnet gjev innsikt i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til entreprenørskapsomgrepet og kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet
- har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar
- har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsmodell
- har kunnskap om kommunikasjons- og formidlingsstrategiar i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar
- har kjennskap til aktuelle støtteordningar
- har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift.
Studenten:
- kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn
- kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar i samarbeid med andre
- kan utvikle og skrive ein forretningsmodell
- kan planleggje og gjennomføre presentasjonar i samarbeid med andre
- kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift.
Studenten:
- har utvida kunnskap og ferdigheiter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar, seminar med studentaktivitet og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får rettleiing i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentane arbeider gjennom heile semesteret i studentbedrifter i regi av Ungt entreprenørskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6.
Arbeidskrav: Individuell skriftleg eller multimodal oppgåve knytt til tema Entreprenørskap.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Media Production - bachelor
- Music - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Group | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Munnleg presentasjon i gruppe av prosess og produkt knytt til studentbedrift. | ||
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Eit skriftleg refleksjonsnotat kor studenten reflekterer over eigen rolle i studentbedriften. |