UL306 Masteroppgåve, heiltid

Emnekode: 
UL306
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2022 Haust
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Special education: Master thesis
Emnenavn på bokmål: 
Masteroppgave, heltid
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire fagemna i mastergraden med karakter C i snitt.  

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.

Om emnet

Mastergradsoppgåva skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid med relevans for arbeid i barnehage og skule. Oppgåva skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteroppgåve. Normalt skal masteroppgåva også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at oppgåva kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har kandidaten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Kandidaten har inngåande kunnskap om

  • formelle krav til ei vitskapleg oppgåve
  • aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i oppgåva
  • eit avgrensa forskingsfelt som oppgåva tek opp
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
  • bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Generell kompetanse

   Kandidaten kan

  • analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert gjennomført to samlingar over to dagar. Ei av samlingane kan vere digital. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Studenten skal under rettleiing utarbeide ein forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve oppgåvearbeidet kan starte.

Masteroppgåva skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Deltaking på minst 70 % av undervisninga, samt få godkjent arbeidskrava.

Arbeidskrav 1: Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.

Arbeidskrav 2: Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret.

Sensorordning
Maksimumstal: 
54
Emneansvarleg: 
Stein Conradsen
Kari Bachmann
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust