Semestre

UL306 Masteravhandling, heiltid

Emnekode: 
UL306
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført og bestått dei første fire emna i mastergraden med karakter C i snitt. Jf.  studieplan for Master i undervisning og læring, opptakskrav pkt 8. I tillegg til dei obligatoriske emna UL301 og UL302 gjeld dette dei to studiespesialiserande emna i anten matematikk, norsk eller spesialpedagogikk, ULMA/NO/SP303 og ULMA/NO/SP304.

Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i UL305 Vitskapsteori og forskingsmetode.

Om emnet

Mastergradsavhandlinga skal vere eit individuelt, sjølvstendig vitskapleg arbeid innanfor den spesialiseringa studenten er oppteken på, og ha relevans for arbeid i barnehage og skule. Avhandlinga skal omfatte planlegging og gjennomføring av eit forskingsprosjekt og rapportering av det gjennom ei masteravhandling. Normalt skal masteravhandlinga også omfatte ei empirisk undersøking. Det er opning for at avhandlinga kan vere knytt til pågåande FoU-arbeid ved HVO.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskap om

  • formelle krav til ei vitskapleg avhandling
  • aktuell forskings-, teori- og metodediskusjon med relevans for problemstillinga i avhandlinga
  • eit avgrensa forskingsfelt som avhandlinga tek opp
Ferdigheiter

Studentane skal kunne

  • bruke vitskaplege arbeidsmåtar for å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt velje relevant teori som reiskap i forskingsprosjektet
  • bruke føremålstenlege forskingsmetodar som bidreg til haldbare konklusjonar
  • vurdere og handtere etiske problemstillingar i forskingsprosjektet
Generell kompetanse

   Studentane kan

  • analysere problemstillingar i sitt fagområde og bidra til utvikling av fagområdet
  • formidle sjølvstendig arbeid og meistre fagområdet sin terminologi
  • vere deltakar i individuelle og kollektive forskingsprosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert gjennomført to prosjektseminar/samlingar over to dagar, med obligatorisk deltaking. Studenten skal under rettleiing utarbeide forskingsplan. Forskingsplanen må vere godkjent før sjølve avhandlingsarbeidet kan starte.

Avhandlinga skal gjennomførast som individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiinga er ein vesentlig del av arbeidet med masteravhandlinga. Kvar student får oppnemnt rettleiar. Rettleiinga skal nyttast til å drøfte tekstutkast, val av litteratur, gje praktiske råd om eventuell datainnsamling, og sikre at forskingsetiske retningsliner vert følgde.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjend forskingsplan i eit omfang på om lag 2000 ord.

Eit førsteutkast til kunnskapsgrunnlag og metode på minst 7000 ord skal leverast og godkjennast i løpet av første semesteret.

Tidspunkt for levering vert gitt i starten av semesteret.

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga på dei to samlingane.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Maksimumstal: 
54 Merknad til tal studentar: 18 plassar knytte til kvar av spesialiseringane i mastergraden (3x18) Skal sjåast i samanheng med UL306D
Emneansvarleg: 
Arne Kåre Topphol
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Nærare retningslinjer for oppbygging og innhald vert gitt på samlingane.
Om lag 32 000 ord +/- 10 % (samandrag, føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).