Semestre
REL153N Religion, media og populærkultur
Ingen
Emnet gjer ein introduksjon til korleis religion og religiøse uttrykk kjem til uttrykk i media og populærkulturen. Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn. Religiøse uttrykk brukast også i populærkulturen fordi dei er lette å kjenne igjen og lett å omsette til produkt som kan seljast. Dette emnet vil gje kunnskap om medialiseringa av religion. Emnet presenterer konkrete døme på korleis religion vert framstilt på ulike måtar i media og populærkulturelle uttrykk som film, TV-seriar, musikk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om forholdet mellom religion og media i eit fleirkulturelt samfunn
- har kunnskap om populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv
- har kunnskap om meiningsdanning og verdiformidling gjennom populærkulturelle uttrykk
- har kunnskap om medias påverknad på sosialisering
Studenten
- kan drøfte rolla til religion og media i eit fleirkulturelt samfunn
- kan utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen
- kan bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen
- kan anvende relevante digitale verktøy
Studenten
- kan bruke kunnskapen til å formidle fagstoff om forhaldet mellom religion, media og populærkultur
- kan reflektere kritisk over forhaldet mellom religion, media og populærkultur i eit fleirkulturelt samfunn
- har grunnleggande digital kompetanse
Emnet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktøyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender med tematiske modular. Fristar vert kunngjorde ved studiestart i semesterplanen. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbytet gjennom lesing, oppgåveskriving og aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
Ha fått godkjent to arbeidskrav innan ein frist som instituttet fastset:
- ei skriftleg oppgåve på 1500 ord
- ein munnleg presentasjon på video på 10 minutt med skriftleg manus
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
- Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | Ei skriftleg oppgåve på 2500 ord (+/-10%) |