Semestre
MGL1-7PE4 Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1.-7. Emnet er fjerde del av faget Pedagogikk og elevkunnskap.
Emnet omhandlar læraren og skulen si rolle i lys av det komplekse, demokratiske og pluralistiske samfunnet. Det vert lagt vekt på utvikling av analytiske ferdigheiter, kritisk tenking og sjølvstende i pedagogisk verksemd. Skulen sitt verdigrunnlag, moglegheiter og utfordringar knytt til realisering av gjeldande læreplan og styringsdokument vert behandla. Emnet går inn på skule og utdanning i historiske, kulturelle, etiske og politiske perspektiv og på sekularisering og religions- og livssynskritikk som kunnskapsområde.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har avansert kunnskap om skulen sin funksjon og rolle i utvikling av demokrati, danning og identitet i eit mangfaldig og pluralistisk samfunn
- har inngåande læreplanforståing, der ein kan drøfte utfordringar i realisering av gjeldande læreplan og andre sentrale styringsdokument
- har inngåande kunnskap om kritiske perspektiv på skulen sitt verdigrunnlag, utdanningspolitiske styringar og reformar
- har inngåande kunnskap om historiske og samtidige samanhengar mellom religion, kultur og samfunnsliv i Noreg, inkludert sekularisering og religions- og livssynskritikk
- har inngåande kunnskap om norsk og samisk skulehistorie
- har kunnskap om utanforskap, diskriminering, rasisme og kritisk pedagogikk
Studenten
- kan kritisk analysere og anvende styringsdokument og skulen sitt verdigrunnlag inn mot læraren sitt arbeid og læraridentitet
- kan analysere og kritisk vurdere innhald i styringsdokument, offentleg diskurs/debatt og mediedekning i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
- meistrar å fremje dialog, gjensidig anerkjenning og respekt i læringsfellesskap prega av kulturelt- og livssynsmessig mangfald
- kan anvende forskingsbasert kunnskap for å forebygge og setje i verk tiltak som skal motverke utanforskap, diskriminering og rasisme
Studenten
- har inngåande kompetanse om framveksten av nasjonale læreplanar i lys av internasjonale trendar og reformar
- kan identifisere og kritisk analysere utfordringar skulen står overfor i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralistisk samfunn
- kan nytte forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i utøving av lærarrolla
- har kunnskap om og kan drøfte skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Studentane skal gjennomføre inntil tre arbeidskrav. Arbeidskrava skal saman med andre delar av pensum danne grunnlag for ein munnleg eksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde og djupne i kompetansen sin, både når det gjeld faginnhald og formidling. Studentane får ei aktiv rolle i arbeid med studentrespons på arbeidskrav.
Det er obligatorisk oppmøte til timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning,
- Krav om inntil tre godkjende arbeidskrav
- Aktiv deltaking i arbeid med studentrespons knytt til arbeidskrav
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |